Anorogen

geologisk omgrep

Anorogen er eit geologisk omgrep om noko som ikkje er knytt til orogenese eller fjellkjededanning. Dette kan til dømes vere eit tidsrom, ei hending med heving eller senking, framtrenging av ein granittsmelte og liknande. Felles er at dei er utan tilknyting til samtidig regional deformasjon.

Kjelder endre

«anorogen» i Store norske leksikon, snl.no.