Another Green World

studioalbum av Brian Eno
Another Green World
Studioalbum av Eno
Språk engelsk
Utgjeve september 1975
Innspelt Juli–august 1975 i Island Studios, London
Sjanger Kunstrock, ambient, eksperimentell
Lengd 40:24
Selskap Island
Produsent Brian Eno, Rhett Davies
Kritikk
Eno-kronologi 
Taking Tiger Mountain (By Strategy)
(1974)
Another Green World Discreet Music
(1975)


Another Green World er det tredje studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies og opphavleg gjeven ut på Island Records i september 1975. Som han hadde gjort på dei førre soloalbuma, arbeidde Eno med fleire gjestemusikarar, mellom andre Phil Collins, John Cale og Robert Fripp. Albumet markerte ei ny musikalsk retning for Eno og ved å nytte instruksjonkorta Oblique Strategies for rettleiing, inneheld albumet færre tekstbaserte rockesongar og la større vekt på instrumentale stykke, mange utan hjelp av gjestemusikarar. Den mørke humoren i tekstane er òg endra til meir draumeaktige og forvirra songar.

Albumet nådde ikkje listene verken i USA eller Storbritannia, men vart godt tekne imot av kritikarane.

Produksjon endre

Another Green World vart spelt inn i Island Studios i London i løpet av juli og august 1975.[10] Brian Eno rekna opphavleg det nye albumet som eit eksperiment og gjekk inn i studio utan å ha skrive noko på førehand.[10]

Eno har med seg fleire gjestemusikarar, men i motsetnad til dei to førre albuma, arbeidde han meir aleine på fleire av songane og på sju av songane spelte han alle instrumenta sjølve, inkludert gitar og perkusjon.[11] Av gjestemusikarane finn ein Phil Collins, som spelte trommer på Tiger Mountain, og Brand X-medlem Percy Jones.[12] Robert Fripp, som arbeidde med Eno på (No Pussyfooting) og Here Come the Warm Jets, spelte soloen på «St. Elmo's Fire». Eno bad Fripp om å improvisere ein lynrask gitarsolo som skulle etterlikne den elektriske ladinga mellom to polar på ein Wimshurst-maskin.[13]

Mottaking endre

Another Green World vart gjeven ut i september 1975 og gjekk inn på salslistene i verken USA eller Storbritannia.[14][1] Albumet fekk hovudsakleg positiv kritikk. Den negative meldingane fokuserte på mangelen på rockesongar samanlikna med dei to førre albuma.

Pitchfork plasserte albumet på 10. plass på lista si over dei beste albuma frå 1970-åra.[15] Rolling Stone plasserte albumet på 433. plass på si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.[16]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Brian Eno.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sky Saw»3:25
2.«Over Fire Island»1:49
3.«St. Elmo's Fire»3:02
4.«In Dark Trees»2:29
5.«The Big Ship»3:01
6.«I'll Come Running»3:48
7.«Another Green World»1:28
Side to
Nr.TittelLengd
8.«Sombre Reptiles»2:26
9.«Little Fishes»1:30
10.«Golden Hours»4:01
11.«Becalmed»3:56
12.«Zawinul/Lava»3:00
13.«Everything Merges with the Night»3:59
14.«Spirits Drifting»2:36

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Huey, Steve. «allmusic ((( Another Green World > Overview )))». Allmusic. Henta 23. april 2011. 
  2. Jones, Chris (20. september 2003). «Brian Eno reissues review». BBC. Arkivert frå originalen 15. januar 2009. Henta 23. april 2011. 
  3. Wolk, Douglas (2004). «Blender: Brian Eno (various reissues)». Blender. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 23. april 2011. 
  4. 4,0 4,1 «Another Green World». buy.com. Arkivert frå originalen 19. februar 2012. Henta 23. april 2011. 
  5. Ott, Chris (14 June 2004). «Pitchfork: Brian Eno: Here Come the Warm Jets / Taking Tiger Mountain (By Strategy) / Another Green World / Before and After Science». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 6. september 2008. Henta 3. mars 2009. 
  6. Horning, Rob (9 juli 2004). «Another Green World: [reissue]». PopMatters. Henta 23. april 2011. 
  7. Christgau, Robert. «Consumer Guide Album». Village Voice. Henta 23. april 2011. 
  8. Walters, Charley (6 mai 1976). «Rolling Stone review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. april 2008. Henta 23. april 2011. 
  9. Weisbard & Marks, 1995. s.128
  10. 10,0 10,1 Tamm, 1995. s.102
  11. Tamm, 1995. p.101
  12. Holm-Hudson, 2008. p.58
  13. Jones, 1995. s.188
  14. Warwick, 2004. p.379
  15. «Top 100 albums of the 1970s : Pitchfork». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 1. juli 2008. Henta 23. april 2011. 
  16. «433) Another Green World». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. april 2009. Henta 23. april 2011.