Anshan (kinesisk skrift 鞍山; pinyin Ānshān) er eit byprefektur sentralt i den kinesiske provinsen Liaoning.[1] Byprefekturet har eit areal på 9 252 km², og hadde over 3,4 millionar ibuarar i 2010. I bykjerna bur over ein million menneske.[1] Anshan er ein viktig industriby for jern og stål i Kina.[1]

Høghus i Anshan.
Plasseringa av Anshan byprefektur (gult) i Liaoning
Showa stålverk, før 1945

Historie endre

Anshan vart grunnlagt i 1387, festningsverk kring byen vart bygt på 1500-talet. Både under boksaropprøret i 1900 og under den japansk-russiske krigen i 1904-05 vart byen sterkt skada. Etter desse hendingane vart gjenoppbygd med breie gater.

Industrialisering tok til i 1918, og skaut kraftig fart under den japanske okkupasjon som begynte i 1931. Under andre verdskrigen utvikla japanarar den metallurgiske industrien i Anshan. Sovjetunionen demonterte og frakta vekk dei fleste stålverka i tida 1944-46. Gjenoppbygginga med moderne industrianlegg tok til tidleg i 1950-åra og var sluttført i 1956.

Geografi endre

Administrajon endre

Byprefekturet Anshan omfattar fire distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì), eitt fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke (自治县 zìzhìxiàn).

Næring endre

Anshan-området er rikt på jarn og magnesitt,[1] og det finst mange jarn- og kolgruver i byprefekturet. Sjølve byen Anshan har Kinas største jarn- og stålverkskompleks. Anshan er ein storprodusent av jarnbaneskinner, kablar og liknande stålprodukt, og har også industrianlegg for kjemikaliar, traktorar, maskineri, sement og papir, og oljeraffineri. Andre viktige næringsvegar er jadeproduksjon, jordbruk, jordvarme og turisme.[1]

Samferdsle endre

Kinas riksveg 202 går gjennom området. Han tek til i Heihe i provinsen Heilongjiang, passerer gjennom Harbin og Shenyang, og endar opp i Dalian ved Gulehavet.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Location», anshan.gov.cn

Bakgrunnsstoff endre