Antependium (av latin ante, ’framfor’ og pendere, ’hengje’) er eit forheng framfor alteret i kristne kyrkjer. Vanlegvis bruker ein eit vove eller brodert tøystykke til dette, men alter kan også ha faste dekorasjonar av tre, stein eller andre harde materialar på framsida som er avleidde av antependium. Ein alterprydnad laga av tre- eller metallskiver, gjerne pynta med gull og edelsteinar, kan også kallast ein antemensale.[1]

Alteret i Skanderup kyrkje med grøn antependium.
Broddetorpsantemensalet på Historiska museet i Stockholm er ein antemensale frå eit av dei såkalla gylne altar frå mellomalderen.
Raud antependium i Krosskyrkja i Dresden.
Antependium ved hovudalteret i domkyrkja i Antwerpen.

Antependium kan dekkja alle fire sidene av eit alter, tre av dei, eller berre framsida. I den katolske kyrkja skal antependiet dekkja heile framsida av alteret. I protestantisk kyrkjer kan ein også bruka mindre antependium. Ein kan bytta ut antependium i høve til kva liturgisk farge som er i bruk etter kyrkjeåret. Messehakelen har vanlegvis same farge som antependium.

Historie endre

Ein byrja bruka rikt dekorerte antependium i vestkristne kyrkjer på 400-talet. Det eldste som er bevart er frå 800-talet og finst framfor høgalteret i Basilica di Sant'Ambrogio i Milano.[1] Opphavleg dekte ein tre eller fire sider av alteret, men frå 1100-1200-talet blei det vanleg å berre dekka til framsida i den vestlege kyrkja.

I Statens historiska museum i Sverige finst broderi frå eit antependium frå 1100-talet. Broderia er sydd på tøy i gullsølvbotn og er danna av 24 runde tavler med framstillingar frå livet til Kristus. Antependiumet var tidlegare i Biskopskulla kyrka i Uppland.[1]

Liknande klede endre

Dekorative eller litugrisk farga tekstilar kan også hengjast på framsida av bokbrettet til preikestolen og lesepulten. Desse kleda kallar ein preikestolklede og lesepultklede.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Antependium» i Nordisk familjebok, 1913.

Bakgrunnsstoff endre