Anthonis van Dyck

Anthonis van Dyck (22. mars 15999. desember 1641) var ein flamsk målar og grafikar under den flamske barokken, elev av Peter Paul Rubens. Han er særleg kjend som portrettmålar. Dyck arbeidde mykje av si tid i England, der han døydde.

Anthonis van Dyck

Statsborgarskap Dei sørlege Nederlanda
Fødd 22. mars 1599
Antwerpen
Død

9. desember 1641 (42 år)
London

Yrke kunstmålar, raderer, dramaturg, sceneinstruktør, omsetjar, skodespelforfattar, hoffmaler, teiknar, bygningstegner
Sjanger portrettmåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri, allegori, historiemåleri, portrett, dyremåleri
Medlem av Antwerpen Sankt Lukas Gilde
Far Franchois Van Dyck
Mor Maria Cuypers
Ektefelle Mary Ruthven
Signatur
Anthonis van Dyck på Commons
Sjølvportrett med solsikke, ca 1633/34
Kong Karl I, ca 1635

Liv og gjerning endre

Dyck var son til ein rik tekstilkjøpmann, og vart rekna som særleg talentfull til å teikne. Ti år gammal vart han elev av målaren Hendrick van Balen. Balen jobba med å lage elegante, små mytologiske bilete til samlarar frå middelklassa i Antwerpen. Dei eldste, kjende verka til Dyck viser, om enn berre i detaljane, den klare påverknaden frå læraren. Allereie 19 år gammal jobba Dyck som ein sjølvstendig, godkjend meister, noko få av jamaldringane hans kunne kunne gjere.

Dyck fekk snøgt innpass i miljøet kring Rubens. Medan han arbeidde i atelieret til Rubens vart han kjend med jarlen av Arundel, ein leiande kunstkjennar i England. På oppdrag frå jarlen reiste Dyck til England i 1620. Etter berre eitt år i landet gjekk han inn i teneste hos den skotsk-engelske kongen James I. Samstundes fekk han oppdrag frå mektige menn ved hoffet om å lage portrett av den enkelte av dei. Han nytta då høvet til å studere kunstsamlingane deira, som inneheldt meisterverk frå den italiensk renessansen, kunst som han hadde vore interessert i også i si tid i Antwerpen. Slik vart innverknaden frå Rubens svekka, medan Paolo Veronese og endå meir Tizian vart nye leidestjerner.

Dyck flytta til London i 1632, der han arbeidde som framifrå hoffmålar og portrettør for kong Karl I. Same året heva kongen han til adelsstanden. Måleria Dyck er mest kjend for, er nettopp framstillingar av kongen og av familien til kongen. Den største enkeltståande samlinga av verka til Anthonis van Dyck er framleis i eiga til den engelske krona.

Målarstilen hans har vorte omtala som «Dyck-brunt». Som portrettmålar prega han målarkunsten i England dei neste 150 åra.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anthonis van Dyck