Antiadrenerge lækjemiddel

Antiadrenerge lækjemiddel, antiadrenergika eller sympatolytika er ein klasse lækjemiddel som hemmar verknaden av nerveimpulsar frå det sympatiske nervesystemet ved å blokkera dei adrenerge reseptorane.

På grunn av det vide verknadsområdet til det sympatiske nervesystemet, har ulike lækjemiddel i denne klassen ulik effekt, og vert blant anna brukt mot høgt blodtrykk, forstørra prostata og hjartearytmi.

Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.