Ein antiklinal er namnet på den oppbøygde delen av ein fold der dei eldste laga er inst. Uttrykket må ikkje forvekslast med antiform, som er eit skildrande uttrykk for alle oppbøygde foldar. Om ein ikkje veit alderen på laga i folden (om det ytste eller inste laget er eldst), så skal ein nytta antiform.

Figur av ein antiklinal
Antiklinar med synklinal heilt til høgre (USGS). Merk mannen som står føre formasjonen for å få inntrykk av skalaen.
Antiklinal nær Bcharre i Libanon.

PÅ geologiske kart kan ein ofte sjå antiklinalar som rekkjer av berglag som vert gradvis eldre mot midten av folden fordi toppen av kjernen i folden fortrinnsvis har erodert til eit djupare berglag i forhold til dei lågareliggande sidene av folden. Laget heller bort frå senteret, eller «bølgjetoppen» av folden.

Om ein antiklinal stupar (skråner i forhold til jordoverflata) vil overflatelaget danna V-ar som peiker i retninga til hellinga.

På kvar side av ein antiklinal finn ein ofte synklinalar, men foldinga kan stundom vere slik at dei kan vere vanskeleg å skilje frå kvarandre. Folder oppstår som regel under formendring av jordskorpa på grunn av kompresjon i samband med fjelldanning.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Antiklinal

Kjelder endre