Antikoagulantar eller antikoagulantia er stoff som hindrar blod frå å koagulera. Slike stoff finst naturleg i blodsugande dyr som igler og mygg, men blir i dag også framstil som lækjemiddel.

Antikoagulantar vert mellom anna nytta for å førebyggja venøse trombosar, eller blodlevringar/koagulasjon, som til dømes djup venetrombose og den potensielt dødelege konsekvensen av dette, pulmonære emboli, eller lungeblodpropp. Ein pasient kan trengja tromboseprofylakse særskilt rundt ein operasjon. Dei kan òg nyttast for pasientar som treng det av andre grunnar som til dømes på grunn av atrieflimmer eller hjå pasientar med kunstige hjarteklaffar.

Antikoagulantar vert også tilsette i blodprøver som ikkje må koagulera før analysen vert føreteken, eller donert blod som skal lagrast i ein blodbank før blodoverføring.

Det finst mange ulike antikoagulantar. Dei viktigaste er warfarin som kjem i tablettform, og heparin og lågmolekylære heparinar som må injiserast. Warfarin hemmar syntesen av vitamin K som er viktig i vidare danning av koagulasjonsfaktorar. Heparin er eit protein som aktiverer antitrombin III, eit stoff i blodet som hemmar koagulasjon.

Behandling med koagulasjonshindrande middel krev hyppig kontroll av det som ofte blir kalla «blodfortynning».

Kjelder endre