Ein antisyklon oppstår under eit høgtrykksområde med søkkande luft i senteret og luft som strøymer vekk frå senteret i ei spiralrørsle med klokka på nordlege halvkule, og mot klokka på sørlege. Det motsette er syklonar, som har mykje større trykkgradientar og kraftigare vind.

Danning endre

Alle antisyklonar har tørr luft som søkk mot overflata i senteret av antisykonen. Mangelen på vassdamp aukar lufttettleiken. Luft inneheld 78 % nitrogen og 21 % oksygen, og når luft inneheld vassdamp erstattar den litt av nitrogen- og oksygenmolekyla som er tyngre enn vassmolekyla. Derfor er luft med vassdamp lettare enn luft utan vassdamp, og lufta i antisyklonar tyngre enn i omgivnadane.

Kalde eller kalde og tørre endre

Kald eller kald og tørr luft kan legge seg i ro over land og danne grunne antisyklonar eller høgtrykksceller, som ofte flyttar seg over terrenget og gjev fint vêr med lite skyer og nedbør før dei løyser seg opp eller forsvinn når dei kjem ut over ope hav.

Martime antisyklonar på høge breidder endre

I vintermånadane kan kraftige syklonar dannast på høge breidder. Den stigande lufta i desse syklonane vil etter kvart søkke ned andre stader og danne antisyklonar. Kraftige antisyklonar oppstår i enkelte område kvart år i løpet av dei kaldaste månadane. Dei kan strekke seg 10000 meter opp i høgda. Desse antisyklonane heller ikkje med høgda, i motsetnad til syklonar og varme antisyklonar. Overflatetrykket i havnivå kan verte høgare enn 1040 hPa, og dei flyttar seg ofte lite etter dei har oppstått.

Danmarkstredet langs austkysten av Grønland er eit område som ofte får antisyklonar i løpet av vinteren. Dei blir danna som ein del av Den Nord-Atlantiske Oscillasjonen (NAO) som påverkar vêret i dette området året rundt. Beauforthavet er ein arm av Nordishavet på nord- og nordvestsida av Canada. Her oppstår det ofte ein antisyklon kalla «det arktiske høgtrykket» eller «Beauforthøgtrykket».

Varme og tørre endre

Ein antisyklon med varm og tørr luft finn ein i Nord-Atlanteren store delar av året. Desse antisyklonane er ofte vedvarande, og vert kalla «semipermanente» høgtrykk. I Europa kallar vi dette høgtrykket for Asorehøgtrykket, medan amerikanarane kallar det for Bermudahøgtrykket.

Desse høgtrykka heller vestover med høgda, og kan 5-7 km opp i høgda ha strekt seg 5000 km vest for senteret ved overflata (som ligg nær Asorane). Trykket i havnivå til denne typen antisyklonar er som regel ikkje særleg høgt, og kan kanskje nå opp i 1025 hPa om sommaren, som ikkje er langt over det globale midla trykket i havnivå på 1013 hPa.

Ein finn òg slike antisyklonar bygd opp av varm og tørr luft over andre havområde i verda, slik som Sør-Atlanteren. Antisyklonane som oppstår der er i praksis eit spegelbilete av antisyklonen i Nord-Atlanteren. Også desse antisyklonane heller vestover med høgda. Den varme og tørre lufta vert produsert i samband med den intertropiske konvergenssona.

Struktur endre

Ved overflata vil lufta strøyme utover i alle retningar frå senteret, og vert så avbøygd av corioliseffekten som gjev lufta ei spiralrørsle som er med klokka på nordlege halvkule og mot klokka på sørlege halvkule. Sidan lufta i antisyklonar søkk mot bakken, blir lufta varma opp og tørrare. Dette gjev lite skyer og stråling kan gå fritt gjennom atmosfæren frå både sola og frå jordoverflata. Den auka solinnstrålinga kan derimot føre til oppvarming av bakken som så lokalt fører til stigande luftrørsler og skydanning visst lufta er fuktig nok.

Konsekvensar endre

Når antisyklonar oppstår om vinteren fører klårvêret ofte til periodar med frost og periodar med tåke. Den rolege lufta i antisyklonar fører ofte til temperaturinversjonar nær bakken, der toppen av inversjonen virkar som eit lok på lufta under. Dette kan føre til vedvarande tåke eller låge stratusskyer i tillegg til at forureining som kjem ut i lufta ofte blir liggande i lufta nær bakken.

Sjå òg endre

Syklonar og antisyklonar
Ekstratropisk syklonMesosyklonPolarsyklonPolart lågtrykkSubtropisk syklonTropisk syklon