Antisyklonsk tornado

Ein antisyklonsk tornado er ein tornado som roterer med klokka på den nordlege halvkula og mot klokka på den sørlege halvkula. Dei fleste tornadoar (om lag 95 %) har syklonsk rotasjon, som dei fleste lågtrykkssystem har. Mange, men ikkje alle, antisyklonske tornadoar er mindre og svakare enn dei klassiske tornadoane.

Dei fleste kraftige tornadoar vert danna i innstrøyminga og oppdriftsområdet til roterande oppdriftssystem kalla mesosyklonar, som oppstår i superceller. Desse rotasjonssystema går som regel frå overflata til midten og øvre delar av supercella, og har nesten alltid syklonsk rotasjon, som vert skapt av corioliskrafta. Enkelte torevêr er derimot for små til å bli påverka av corioliseffekten. Rotasjonen i supercellene vert ikkje skapt av jordrotasjonen, men av vertikale vindskjer, og desse kan av og til skape antisyklonsk rotasjon.

Forskjellige prosessar kan skape antisyklonske tornadoar. Som oftast er dei såkalla satellittornadoar rundt ein større tornado, og denne er som regel syklonsk. Sjeldnare kan antisyklonske tornadoar oppstå i samband med mesoantisyklonar som har oppstått i ei supercelle, og dei kan til og med oppstå under vanlege mesosyklonar. Fleire antisyklonske tornadoar oppstår òg i samband med tropiske syklonar

Sjå òg endre