Antoine Brumel

fransk komponist

Antoine Brumel (ca. 1460-1512 eller 1513) var ein fransk renessansekomponist. Brumel var ein av dei mest innflytnadsrike komponistane av den flamske skolen etter Josquin des Prez.

Antoine Brumel
Fødd1460
FødestadNogent-le-Rotrou
Død1512 (52 år)
OpphavFrankrike
Verka somkomponist

Brumel vart truleg fødd vest for Chartres. Han var tilsett som kyrkjesongar i Notre-Dame de Chartres, seinare ved kyrkjene i Genéve, Laon, Notre-Dame de Paris og i Ferrara. Nokre skrifter knyter namnet hans til kyrkjene i Faenza og Mantua i Italia, der han truleg døydde.

Brumel er best kjend for messene han komponerte. Den mest kjende er den tolvstemte Missa et ecce terræ motus. Det var høgst uvanleg å skriva musikk for tolv stemmer på denne tida; alle dei andre messene Brumel skreiv, er firstemte. Brumels Missa de beata virgine har store likskapar med Josquin des Prez si Missa de beata virgine. Nokre musikkforskarar meiner difor at desse to verka vart skrivne for å tevla med kvarandre.

Missa pro defunctis av Brumel er ei av dei tidlegaste rekviem-messene me enno har. Berre Johannes Ockeghem sitt rekviem er eldre. Missa pro defunctis er òg den fyrste rekviemmessa som har Dies Irae-delen fleirstemt.

Brumel skreiv også motettar, chansons og noko instrumentalmusikk. Ottaviano Petrucci skreiv ei bok om messene til Brumel medan han enno levde. Fleire komponistar skreiv minneverk etter Brumel etter at han døydde.

Kjelder endre