Antonio David Jiménez

Antonio David Jiménez Pentinel (fødd 18. februar 1977) er ein spansk tidlegare hinderløpar frå Sevilla. Han vart i 2002 europameister på 3 000 meter hinder.

Antonio David Jiménez
Statsborgarskap Spania
Fødd 18. februar 1977 (47 år)
Sevilla
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2004

Den 8. juni 2001 i heimbyen sprang Jiménez livsbeste 8.11,5 på 3 000 meter hinder. Seinare same sommaren vart han sjettemann i øvinga ved VM i friidrett 2001 i Edmonton. I mars 2002 vart han nummer 2 etter landsmannen Alberto García på 3 000 meter ved Hall-EM i Wien. Eit knapt halvår etter kneip Jiménez gullmedaljen på 3 000 m hinder ved Friidretts-EM i München. Med sluttida 8.24,34 slo han nederlendaren Simon Vroemen med 0,11 sekund. Under dei olympiske leikane i Aten i 2004 enda Jiménez på 14. plass på 3 000 m hinder. Sidan vart han sjettemann i hinderløpet i VM i friidrett 2005 i Helsinki, og femtemann i EM i friidrett 2006 i Göteborg.

Doping endre

I mars 2014 vart Jiménez og 12 andre personar gripne av politiet, etter at ein dopingring vart avdekt. I bustaden til Jiménez fann politi ulike dopingmidlar. Han vart stengt ute frå idrett i tre år.

Kjelder endre