Antonio Gramsci (22. januar 189127. april 1937) var ein italiensk journalist og ein av dei viktigaste sosialistiske tenkjarane på 1900-talet. Gramsci var fødd på Sardinia i Italia. Han studerte ved universitetet i Torino, den leiande industribyen i landet, og blei kjend med mellom andre den seinare kommunistleiaren Palmiro Togliatti.

Antonio Gramsci

Statsborgarskap Kongedømet Italia
Fødd 22. januar 1891
Ales Sjå dette på Wikidata
Død

27. april 1937 (46 år)
Roma Sjå dette på Wikidata

Yrke filosof, politikar, journalist, skribent, samfunnsøkonom, litteraturkritikar, historikar, sosiolog, kommentator, teaterkritiker
Politisk parti Det italienske kommunistpartiet
Religion ateisme
Ektefelle Julia Schucht Sjå dette på Wikidata
Prisar Premio Viareggio
Signatur
Antonio Gramsci på Commons

Liv og virke endre

Gramsci arbeidde som journalist i ei avis som høyrte til det italienske sosialistpartiet PSI, og frå 1919 var han med å gi ut tidsskriftet Ordine Nuovo, som gjekk inn for eit arbeidarrådssystem med direkte demokrati. I 1921 gjekk Gramsci med i det italienske kommunistpartiet PCI, som blei danna det året. Han stod i motsetning til leiaren Amadeo Bordiga, som han meinte førte ein sekterisk politikk. I 1926 vann han fram på det no illegale partiet sin kongress i Lyon i Frankrike, men same året blei han arrestert, og sat resten av livet i Benito Mussolini sine fascistiske fengsel.

Det er såleis ikkje som praktisk-politisk leiar han er blitt kjend. Men i fengsel, trass i sjukdom og ymse vanskar, skreiv han ei rekkje notatbøker der han mellom anna skisserer ein sosialistisk strategi for utvikla land, som måtte vere heilt annleis enn bolsjevikane sin revolusjon i det tilbakeliggjande Russland. Gramsci sine notatbøker, som først blei kjende etter han var død, la mykje av grunnen for det italienske kommunistpartiet si politiske frigjering frå sovjetisk dominans etter andre verdskrigen.

Ideologi endre

Gramsci meinte ein på venstresida måtte slutte å tenkje før eller etter «revolusjonen». Sosialismen må vere ein prosess «i uavbroten utvikling i eit styre der fridommen er organisert og kontrollert av folkefleirtalet». Særleg viktig er arbeidarklassen sine eigne demokratiske organ, fagforeiningane og arbeidarråda. Desse må liggje i botnen for eit verkeleg arbeidardemokrati, ifølgje Gramsci.

I Russland hadde tsar-staten vore alt og det sivile samfunnet ingenting, men slik er det ikkje i utvikla land, meinte Gramsci. Det «nasjonale terrenget» er heilt annleis i til dømes Italia. Derfor kunne ikkje endring skje ved eit frontalangrep på ei statsmakt som mesta berre bygde på vald, som i det gamle Russland. I Vest-Europa har den beståande staten eit massegrunnlag i det sivile samfunnet, og byggjer normalt meir på ideologisk hegemoni enn direkte vald, og sikrar seg samtykke frå mange av dei styrte gjennom dei «hegemoniske apparata» sine, blant anna massemedia. Sosialistane må derfor føre ein langvarig «stillingskrig» for at ei mot-hegemonisk politisk-kulturell blokk frå venstre skal avløyse den rådande borgarlege maktblokka. Alliansespørsmålet blir avgjerande viktig, og all sekterisme negativt.

Gramsci si tenking rundt sosialistisk strategi spela ei stor rolle for utviklinga av ei uavhengig og demokratisk linje i det italienske og seinare det spanske og franske kommunistpartiet, den såkalla eurokommunismen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Antonio Gramsci