Antonio Pettigrew

Antonio Pettigrew (3. november 196710. august 2010) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som spesialiserte seg på 400 m. Han vart verdsmeister på 400 meter under VM i friidrett 1991 i Tokyo. I same meisterskapen fekk han sølvmedalje på 4x400 meter stafett. Han var fødd i Macon i delstaten Georgia i USA.

Antonio Pettigrew
Statsborgarskap USA
Fødd 3. november 1967
Macon
Død

10. august 2010 (42 år)
Chatham County

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Karriere endre

Pettigrew vann den USA-amerikanske studentmeisterskapen fire gongar dei åra han gjekk på høgskule i Raleigh i Nord-Carolina. Han deltok på nivå to sidan han ikkje hadde råd å delta på høgste nivå. I 1988 sprang han for fyrste gong under 46 sekundar på 400 m, med 45,36 som bestetid for sesongen. Sesongen etter slo han gjennom og presterte sterke 44,27 under eit stemne i Houston, noko som vart ståande som hans personlege rekord på distansen.

Etter ein mellomsesong i 1990, kom Pettigrew tilbake i 1991 og presterte 44,36 i New York. Han fekk plass på USA sitt 400 meter-lag til VM i friidrett 1991 i Barcelona. Der gjekk han heilt til topps med tida 44,57, fem hundredelar føre briten Roger Black og seks hundredelar framfor sin eigen landsmann, Danny Everett. På den øvsluttande øvinga, 4x400 m stafett, sprang han ankeretappen, men måtte sjå seg slått av Storbritanninas ankermann Kriss Akabusi med 0,04 sekundar.

Pettigrew presterte gode tider både i 1993 og 1994, og gjorde det godt i enkelte internasjonale tevlingar. Sidan trappa han ned satstinga på friidrett, før han kom tilbake på USA sitt stafettlag på 4x400 m under VM i friidrett 1997 i Athen. Her sprang han andreetappen for USA som kom i mål på bestetida 2.56,47. Laget var tildelt gullmedaljane, slik som då USA med Pettigrew på laget vart verdsmeister i same øvinga i 1999, olympiske meistrar i 2000 og atter verdsmeistrar i 2001.

Etter at Pettigrew i mai 2008 innrømma doping gjennom bruk av EPO og veksthormon,[1] vart USA fråteke alle desse sigrane frå 1997-2001, endå om det internasjonale friidrettsforbundet ikkje hadde reglar for i ettertid å gå til eit slikt steg.

10. august 2010 vart Pettigrew funnen død i bilen sin i Chatham County i Nord-Carolina. Obduksjonsrapporten konkluderte med at han døydde av ein overdose difenhydramin. Pettigrew arbeidde som assistenttrenar ved University of North Carolina då han døydde.

Kjelder endre

  1. «AFP: Olympic relay champion Pettigrew was doping: report», web.archive.org, 20. mai 2011, henta 19. november 2023 

Bakgrunnsstoff endre