Antonio Salieri

italiensk komponist og dirigent

Antonio Salieri (18. august 17507. mai 1825) var ein italiensk komponist og dirigent.

Antonio Salieri

Fødd18. august 1750
FødestadLegnano i Italia
Død7. mai 1825 (74 år)
DødsstadWien
OpphavRepublikken Venezia, Keisardømet Austerrike
PeriodeWienerklassisismen
Aktiv1770-1819
SjangerOpera, vokalmusikk, concerto
Verka somKomponist
Gift medTherese Helferstorfer
PrisarRidder av Æreslegionen, Den gylne spores orden

Biografi endre

Han vaks opp i Legnago og studerte fiolin og cembalo med broren sin Francesco, som studerte under Giuseppe Tartini. Etter at foreldra døydde tidleg flytta han til Padova og seinare til Venezia der han studerte generalbass under Giovanni Battista Pescetti. I Venezia møtte han Florian Leopold Gassmann, som i 1766 inviterte han til Wien, der Salieri budde resten av livet sitt. Keisar Josef II utnemnde han til hoffkomponist i 1774, og frå 1788-1824 var han kongeleg kapellmeister.

Verk endre

Salieri er mest kjend for operaene sine, men òg kammermusikken og kyrkjemusikken sin. Dei mest suksessfulle av hans meir enn 40 operaer inkluderer Europa riconosciuta (1774), Armida (1771), La scuola de' gelosi (1778), Der Rauchfangkehrer (1781), Least Danaïdes (1784), Tarare (1787), Axur, Re d'Ormus (1788), Palmira, regina di Persia (1795), og Falstaff (1799).

Musikken til Salieri forsvann sakte frå repertoara mellom 1800 og 1868, men fekk eit oppsving på slutten av 1900-talet etter den dramatiske og høgt fiksjonaliserte rolla til Salieri i Amadeus (skodespel i 1979 av Peter Shaffer og filmen Amadeus i 1984 av Milos Forman), som var laust basert på biografiane om Salieri og Wolfgang Amadeus Mozart.

Elevar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Antonio Salieri
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Antonio Salieri