Antonio Soler

spansk-katalansk komponist

Antonio Francisco Javier José Soler Ramos, vanlegvis kjend som Padre Antonio Soler (3. desember 172920. desember 1783) var ein spansk-katalansk komponist frå seint i barokken til tidleg i klassisismen. Han er mest kjend for sonatane sine for klaver, med viktige bidrag til repertoara for cembalo, fortepiano og orgel.

Antonio Soler
Fødd3. desember 1729
FødestadOlot i Gerona i Spania
Død20. desember 1783 (54 år)
DødsstadEl Escorial i Spania
FødenamnAntonio Francisco Javier José Soler y Ramos
OpphavSpania
Aktiv1756-1779
SjangerKlavermusikk
Instrumentcembalo, pipeorgel
Verka somKomponist

Soler vart fødd i Olot (Catalonia i Spania) i det historiske grevskapet Besalú. I 1736, då han var seks, gjekk han inn i Escolania i Montserrat kloster der han studerte musikk med Benito Esteve og organisten Benito Valls. I 1744 vart han organist i katedralen La Seu d'Urgell og utpeikt til underdiakon. Seinare i livet hadde han stillingar som kapellmeiseter i Lleida og det kongelege hoffet i El Escorial.

Soler vart prest 23 år gammal. Sjølv om han hadde ein travel kvardag, klarte Soler å skrive meir enn 500 musikalske verk. Av desse var kring 150 klaversonatar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Antonio Soler