Apanasje (av mellomalderlatin appanare, 'forsyne med brød', frå latin ad, 'til', og panis, 'brød') er titlar, stillingar, gods eller andre verdiar som tilkjem ein kongeleg eller adeleg person.

I Noreg og Sverige er det ei løn som vert ytt til kongen eller eit medlem av kongehuset. Ifylgje § 75 i Den norske grunnlova fastset Stortinget kor mykje som skal betalast i året.

Tradisjonelt i Europa har ein gjeve apanasje til adelege som på grunn av primogeniturregelen ikkje hadde arverett.

Sjå også endre

Kjelder endre