Apostelen Johannes

Apostelen Johannes (død omkr. år 100) var ein av dei tolv utvalde læresveinane til Jesus.

Apostelen Johannes

Fødd11
FødestadBetsaida
Daudca. 99
DødsstadEfesos
Yrkefiskar, teolog, mystiker, forfattar
Helgendag27. desember, 26. desember

Johannes og broren Jakob var sønene til Sebedeus og Salome, sistnemnde var syster til jomfru Maria. Dei arbeidde som fiskarar ved Genesaretsjøen i lag med Andreas og Peter då Jesus kalla dei til seg.

Johannes seiest å vere den disippelen som Jesus hadde kjær.[1] I lag med Peter og Jakob følgde han Jesus til berget då han møtte Moses og Elia, og den same kretsen av læresveinar følgde Jesus for å be med han i Getsemane.[2]

Johannes på Patmos. Ørna er symbol for evangelisten; ho har med seg skrivereiskap i nebben. Eitt av dei mange bileta (illuminasjonane) i bønneboka Les Très Riches Heures du duc de Berry, måla mellom 1412 og 1416 for Jean den første av Berry av brørne Paul, Jean og Herman de Limbourg, ferdiggjort av Jean Colombe mellom 1485 et 1489.

Etter den fyrste pinsa, vart Johannes, Jakob og Peter leiarar for dei jødekristene i Jerusalem. Johannes vart seinare forvist til øya Patmos. Her skal han etter tradisjonen ha skrive ned Johannes’ openberring. Dei siste åra av livet sitt budde han i Efesos i Vesleasia. Etter tradisjonen skreiv han her ned evangeliet om Jesus.

Johannes skal vere den einaste av apostlane som ikkje leid martyrdøden, men fekk ein naturleg død. Evangelisten Johannes vert symbolisert ved ei ørn fordi han opnar evangeliet sitt med ei ørneflukt. Det visast òg ofte til at Johannes er den av evangelistane som har oversikt, og som ikkje er oppteken av detaljar.

Kjelder endre

Referansar endre