Aqualung
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 19. mars 1971
Innspelt Desember 1970 – februar 1971
Studio Island Studios i Basing Street i London
Sjanger Progressiv rock, folkrock, hardrock
Lengd 42:55
Selskap Chrysalis/Island (Europa)
Reprise (Amerika, Japan og Oceania)
Produsent Ian Anderson, Terry Ellis
Jethro Tull-kronologi 
Benefit
(1970)
Aqualung Thick as a Brick
(1972)


Singlar frå Aqualung
  1. «Hymn 43»
    Utgjeve: Juli 1971
  2. «Locomotive Breath»
    Utgjeve: 1971 (USA og Europa, utanom Storbritannia)

Aqualung er det fjerde studioalbumet til rockebandet Jethro Tull. Det kom ut i 1971 og vart, sjølv om bandet var usamd, kalla eit konseptalbum med tema kring skilnaden mellom religion og Gud, hovudsakleg korleis organisert religion hadde avgrensa forholdet mellom menneske og Gud.[1] På albumet vert det grubla hartd over tru og religion og er eit av dei mest intelektuelle albuma som har nådd ut til millionar av lyttarar.[2] Suksessen til Aqualung var eit vendepunkt i karrieren til bandet og dei vart eit stort radio- og konsertband.

Det vart spelt inn i Island Records sine studio i London og var det første albumet med John Evan som fulltidsmedlem og det første med den nye bassisten Jeffrey Hammond, samt det siste med Clive Bunker på trommer. Albumet skil seg noko frå dei tidlegare albuma til bandet og har fleire akustiske songar enn før og har fleire tilbakevendande tema inspirert av bilete av heimlause folk ved Themsen, som var teken av kona til songaren Ian Anderson, Jennie.

Aqualung har seld over 7 millionar eksemplar verda over og er dermed det bestseljande albumet til Jethro Tull. Det har generelt fått god kritikk og er ofte inkludert på musikkmagasina sine ymse lister over beste album. Det vart gjeve ut ein singel frå albumet, «Hymn 43», som har vorte omtalt som ei inspirasjonskjelde for band som Iron Maiden.

Produksjon endre

Etter ein amerikansk turne i 1970, fekk bassist Glenn Cornick sparken frå bandet,[3] og vart erstatta av Jeffrey Hammond, ein gammal ven av Ian Anderson.[4] Aqualung vart den første innspelinga til Hammond med bandet. Det var òg første gongen John Evan var med som fulltidsmedlem i bandet, og tidlegare hadde han berre lagt oppå klaverinstrument på det førre albumet , Benefit. Albumet var eit av dei første som vart spelte inn i det nyopna studioet til Island Records i Basing Street i London. Led Zeppelin spelte inn det fjerde albumet sitt samstundes. I eit intervju på 25-årsjubileumsutgåva til albumet sa frontmann Ian Anderson at det var særs vanskeleg å spele inn i dette studioet, fordi det hadde ei «frykteleg, kald og ekko-aktig» kjensle.[5] Det var to platestudio på staden. Led Zeppelin arbeidde i det minste og Tull i det største,[6] som var rommet i ei omgjort kyrkje. Orkesteret vart arrangert av David Palmer, som hadde arbeidd med bandet sidan This Was, og som seinare vart fast medlem i bandet på klaverinstrument. Aqualung var det siste albumet med Clive Bunker på trommer, sidan han slutta kort tid etter innspelinga var over for å vere meir med familien sin.[5]

Musikalsk stil endre

Songane på albumet dekkjer fleire sjangrar, med element av folk, blues, psykedelia og hardrock.[7] Dei «rifftunge» songane som «Locomotive Breath», «Hymn 43» og «Wind Up» vert rekna som ein faktor til at bandet fekk så stor suksess med albumet og gjorde Jethro Tull til eit av dei største banda på denne tida.[2] Stilmessig skil albumet seg frå tidlegare Jethro Tull-album og mange av songane på Aqualung er hovudsakleg akustiske. «Cheap Day Return», «Wond'ring Aloud» og «Slipstream» er korte, heilakustiske «mellomspel» og «Mother Goose» er òg hovudsakleg akustisk. Anderson hevda at den største inspirasjonskjelda hans for å skrive albumet var Roy Harper og Bert Jansch.[5]

Tema endre

Aqualung vert ofte rekna som eit konseptalbum der det sentrale temaet er «skilnaden mellom religion og Gud».[1]

Den opphavlege ideen til albumet kom frå nokre fotografi som kona til Anderson, Jennie hadde teke av heimlause folk ved Themsen. Særleg ein mann fanga interessen til paret, som i lag skreiv tittelsongen «Aqualung».[8] Den første sida av LPen, kalla Aqualung, innheled fleire personskildringar, inkludert personen i tittelsporet, og ei prostituert skulejente, «Cross-Eyed Mary», samt to sjølvbiografiske spor, som «Cheap Day Return», skriven av Ian Anderson etter å ha vitja den alvorleg sjuke faren.[9] Den andre sida, med tittelen My God, inneheld tre songar - «My God», «Hymn 43» og «Wind-Up», som omhandlar religion i ein sjølvgranskande, og stundom uærbødig, måte. Trass i namna gjevne til dei to sidene av albumet har Anderson heile tida hevda at Aqualung ikkje er eit konseptalbum. I eit intervju som finst på Aqualung Live i 2005 snakkar Anderson om dette:

Eg sa alltid på den tida at dette ikkje er eit konseptalbum; det er berre eit album med forskjellige songar med forskjellige instrument og intensitet, der tre eller fire av dei er hovudstykka for albumet, men det gjer det ikkje til eit konseptalbum. Då eg skulle skrive det neste albumet, Thick as a Brick, så vart det gjort litt slik at: 'Høh, om dei trudde Aqualung var eit konseptalbum, vel, ok, då skal me gje dei eit konseptalbum.' Så det var ein slags parodi på konseptalbumsjangeren ... men sjølve Aqualung syns eg aldri har vore eit konseptalbum. Berre i samling songar.[10]

Trommeslagar Clive Bunker meiner at synet på plata som eit konseptalbum berre var eit tilfelle av «kviskreleiken», og sa at «du spelar plata til eit par amerikanarar, fortel dei at det er eit tekstmessig tema som laust knyter saman nokre av songane, og så ser Aqualung-karakteren på plateomslaget, og brått så har Jethro Tull laga eit konseptalbum.»[5]

Andre songar endre

«Lick Your Fingers Clean» vart spelt inn for Aqualung, men kom ikkje med på den endelege utgåva. Songen vart drastisk omarbeidd til «Two Fingers» for albumet War Child i 1974. «Lick Your Fingers Clean» vart til slutt gjeven ut i 1988 på 20 Years of Jethro Tull og sidan som bonusspor på 1996-utgåva av Aqualung.

Ein annan song, «Wond'ring Again», vart spelt inn tidleg i 1970, men kom heller ikkje med på den endelege utgjevinga. Denne kom etter kvart ut på samlealbumet Living in the Past i 1972. Delar av songen er inkludert på Aqualung som «Wond'ring Aloud». Glenn Cornick spelte bass på songen og sa det var favorittsongen hans av dei han spelte inn med bandet.[5] Cornick spelte òg bass på tidlege studioutgåver av «My God» og nokre andre songar, men han sa ikkje kva andre desse var.[5]

Plateomslaget endre

Det originale plateomslaget vart laga av Burton Silverman og består av ein akvarell av ein langhåra, skjeggete mann i fattigslege klede. Ideen til omslaget kom frå eit fotografi kona til Anderson tok av ein heimlaus mann ved breidda av Themsen, og Anderson følte seinare det hadde vore betre om dei hadde nytta fotografiet i staden for å bestille måleriet.[8] Ian Anderson hugsar at han var modell på eit fotografi for måleriet, men i følgje Silverman er det eit sjølvportrett. Kunstverket vart bestilt og kjøpt av sjef i Chrysalis Records, Terry Ellis.

Utgjeving endre

I april 1971 nådde Aqualung fjerdeplassen på den britiske albumlista, og då CD-versjonen vart gjeven ut i 1996 nådde denne 52. plass.[11] Det nådde sjuandeplassen på Billboard-lista i USA, medan singelen «Hymn 43» nådde 91. plass på Billboard Hot 100.[12] Albumet har seld over sju millionar eksemplar og er det bestseljande albumet til bandet.[13] Aqualung var eit av to Jethro Tull-album som vart gjeven ut i kvadrofonisk lyd, i tillegg til War Child. Den kvadrofoniske versjonen av «Wind Up», som ligg i ein høgare toneart, finst på seinare CD-utgåver som «Wind Up (quad version)».[13]

Albumet vart gjeve ut i ei 40-årsjubileumsutgåve i oktober 2011. Denne utgåve inneheld ein ny stereo- og ein 5.1 kringlydmiks av albumet laga av Steven Wilson frå Porcupine Tree. Det kom i forskjellige utgåver - ein «samleutgåve» med albumet på ein LP og to CDar, samt DVD og Blu-ray med ei lita bok, og ei «spesialutgåve» med to CDar og ei bok.[14]

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic      [15]
Christgau's Record GuideC+[16]
MusicHound Rock4/5[17]
PopMatters          [18]
Record Collector     [19]
The Rolling Stone Album Guide     [20]
Zagat Survey Music Guide - 1,000 Top Albums of All Time      [17]
The Daily VaultA[21]

Aqualung kom ut fekk det gode meldingar. Rolling Stone hylla det gode musikalske handverket og kalla det seriøst og intelligent, men følte at det seriøse ved albumet undergravde kvaliteten.[1] Sounds sa at «smaken og variasjonen» gjorde det til det beste albumet til bandet.[22] Robert Christgau var meir kritisk til albumet og gav det C+, og kalla tekstane til Anderson ufullstendige og pretensiøse.[23]

Ettermæle endre

Allmusic gav albumet 4,5 av 5 og kalla det «eit modig bodskap» og «ekstremt djupt».[2] Steve Harris, bassisten i heavy metal-bandet Iron Maiden, har kalla Aqualung «eit klassisk album» og hylla «den fantastiske spelinga, dei fantastiske songane, haldninga og kjensla». Iron Maiden spelte sidan inn «Cross-Eyed Mary» som B-sida til singelen deira «The Trooper» i 1983.[5] Sean Murphy melde 40-årsutgåva albumet for PopMatters og gav albumet ti av ti. Murphy skreiv at Aqualung «er utan tvil ein hjørnestein i den då byrjande prog-rock-kanonen, men det stod og står framleis på eigne bein som eit storarta rockealbum, punktum.» Murphy roste òg tilleggsmaterialet i denne utgjevinga.[24]

Aqualung finst òg på mange albumlister. Rolling Stone inkluderte albumet på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene, på ein 337. plass,[25] medan det britiske magasinet Q sette det på sjuandeplassen på lista over «40 Cosmic Rock Albums».[26][27] Soloen til Martin Barre på tittelsporet vart av magasinet Guitarist rekna som den 20. beste gitarsoloen gjennom tidene.[28]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Ian Anderson, bortsett frå der anna er nemnd.

Side ein - Aqualung
Nr.TittelLengd
1.«Aqualung» (Ian Anderson, Jennie Anderson)6:34
2.«Cross-Eyed Mary»4:06
3.«Cheap Day Return»1:21
4.«Mother Goose»3:51
5.«Wond'ring Aloud»1:53
6.«Up to Me»3:15
Side to - My God
Nr.TittelLengd
1.«My God»7:08
2.«Hymn 43»3:14
3.«Slipstream»1:13
4.«Locomotive Breath»4:23
5.«Wind-Up»6:01

CD-utgåva frå 1996 endre

Bonusspor på 1996- og 1999-utgåva
Nr.TittelLengd
12.«Lick Your Fingers Clean»2:46
13.«Wind Up (Quad Version)»5:24
14.«Excerpts From the Ian Anderson Interview» (Mojo Magazine)13:59
15.«A Song For Jeffrey» (BBC)2:51
16.«Fat Man» (BBC)2:57
17.«Bourée» (BBC, skriven av Ian Anderson, Johann Sebastian Bach)3:58

40-årsjubileumsutgåva endre

Nymiksen frå 2011 og ommastra versjon av Steven Wilson:
Nr.TittelLengd
12.«Lick Your Fingers Clean»2:49
13.«Just Trying to Be»1:37
14.«My God (Early Version)»9:42
15.«Wond'ring Aloud (13th desember 1970)»1:51
16.«Wind Up (Early Version)»5:21
17.«Slipstream (Take 2)»0:54
18.«Up the 'Pool (Early Version)»1:12
19.«Wond'ring Aloud, Again (Full Morgan Version)»7:07
20.«Life Is a Long Song»3:19
21.«Up the 'Pool (New Mix)»3:12
22.«Dr. Bogenbroom»3:00
23.«For Later»2:08
24.«Nursie»1:37
25.«US Radio Spot»0:52

Utvida 40-årsjubileumsutgåve frå 2016 endre

2016-utgåva vart ommastra av Steven Wilson frå dei nye miksane hans frå 2011, sidan han ikkje var nøgd med mastringa til Peter Mew.

CD 2: Steven Wilson-masteer med innspelingar frå 1970-1971 og nye stereomiksar av spor 1-10
Nr.TittelLengd
1.«Lick Your Fingers Clean»2:49
2.«Just Trying to Be»1:38
3.«My God» (tidleg versjon)9:43
4.«Wond'ring Aloud» (13. desember 1970, den andre kjende versjonen av denne songen)1:52
5.«Wind-Up» (tidleg versjon)5:22
6.«Slipstream» (Take 2)0:55
7.«Up the 'Pool» (tidleg versjon)3:13
8.«Wond'ring Aloud, Again» (21. juni 1970)
  • Den første innspelinga av denne songen, består av:
    • a. Wond'ring Aloud (den første versjonen av Wond'ring Aloud)
    • b. Wond'ring Again (Part II av Wond'ring Alound, opphavleg gjeven ut på Living in the Past)
7:08
9.«Life is a Long Song»3:20
10.«Up the 'Pool»3:13
11.«Life is a Long Song» (Original EP Flat Transfer)3:21
12.«Up the 'Pool» (Original EP Flat Transfer)3:13
13.«Dr. Bogenbroom» (Original EP Flat Transfer)3:01
14.«From Later» (Original EP Flat Transfer)2:09
15.«Nursie» (Original EP Flat Transfer)1:38
16.«Reprise Radio Advert»0:53
DVD 1: Steven Wilson 5.1 kringlyd- og steroemiks av albumet og andre innspelingar
Nr.TittelLengd
1.«Aqualung» (5.1 kringlydmiks)6:38
2.«Cross-Eyed Mary» (5.1 kringlydmiks)4:11
3.«Cheap Day Return» (5.1 kringlydmiks)1:23
4.«Mother Goose» (5.1 kringlydmiks)3:53
5.«Wond'ring Aloud» (5.1 kringlydmiks)1:56
6.«Up to Me» (5.1 kringlydmiks)3:17
7.«My God» (5.1 kringlydmiks)7:13
8.«Hymn 43» (5.1 kringlydmiks)3:19
9.«Slipstream» (5.1 kringlydmiks)1:13
10.«Locomotive Breath» (5.1 kringlydmiks)4:42
11.«Wind-Up» (5.1 kringlydmiks)6:00
12.«Aqualung» (stereomiks)6:38
13.«Cross-Eyed Mary» (stereomiks)4:11
14.«Cheap Day Return» (stereomiks)1:23
15.«Mother Goose» (stereomiks)3:53
16.«Wond'ring Aloud» (stereomiks)1:56
17.«Up to Me» (stereomiks)3:17
18.«My God» (stereomiks)7:13
19.«Hymn 43» (stereomiks)3:19
20.«Slipstream» (stereomiks)1:13
21.«Locomotive Breath» (stereomiks)4:42
22.«Wind-Up» (stereomiks)6:00
23.«Lick Your Fingers Clean» (5.1 kringlydmiks)2:49
24.«Just Trying to Be» (5.1 kringlydmiks)1:38
25.«My God» (tidleg versjon) (5.1 kringlydmiks)9:43
26.«Wind-Up» (tidleg versjon) (5.1 kringlydmiks)5:22
27.«Wond'ring Aloud, Again» (5.1 kringlydmiks)7:08
28.«Life is a Long Song» (5.1 kringlydmiks)3:20
29.«Up the 'Pool» (5.1 kringlydmiks)3:13
30.«Lick Your Fingers Clean» (stereomiks)2:49
31.«Just Trying to Be» (stereomiks)1:38
32.«My God» (tidleg versjon) (stereomiks)9:43
33.«Wond'ring Aloud» (13. desember 1970) (stereomiks)1:52
34.«Wind-Up» (tidleg versjon) (stereomiks)5:22
35.«Slipstream» (Take 2) (stereomiks)0:55
36.«Up the 'Pool» (tidleg versjon) (stereomiks)3:13
37.«Wond'ring Aloud, Again» (stereomiks)7:08
38.«Life is a Long Song» (stereomiks)3:20
39.«Up the 'Pool» (stereomiks)3:13
DVD 2: Flat overføring av originalalbumet og EP i stereo og kvadrofonisk miks og promofilmen Life is a Long Song med nymiksa musikk
Nr.TittelLengd
1.«Aqualung» (Original stereomiks)6:38
2.«Cross-Eyed Mary» (Original stereomiks)4:11
3.«Cheap Day Return» (Original stereomiks)1:23
4.«Mother Goose» (Original stereomiks)3:53
5.«Wond'ring Aloud» (Original stereomiks)1:56
6.«Up to Me» (Original stereomiks)3:17
7.«My God» (Original stereomiks)7:13
8.«Hymn 43» (Original stereomiks)3:19
9.«Slipstream» (Original stereomiks)1:13
10.«Locomotive Breath» (Original stereomiks)4:42
11.«Wind-Up» (Original stereomiks)6:00
12.«Aqualung» (Original kvadrofonisk miks)6:38
13.«Cross-Eyed Mary» (Original kvadrofonisk miks)4:11
14.«Cheap Day Return» (Original kvadrofonisk miks)1:23
15.«Mother Goose» (Original kvadrofonisk miks)3:53
16.«Wond'ring Aloud» (Original kvadrofonisk miks)1:56
17.«Up to Me» (Original kvadrofonisk miks)3:17
18.«My God» (Original kvadrofonisk miks)7:13
19.«Hymn 43» (Original kvadrofonisk miks)3:19
20.«Slipstream» (Original kvadrofonisk miks)1:13
21.«Locomotive Breath» (Original kvadrofonisk miks)4:42
22.«Wind-Up» (Original kvadrofonisk miks)6:00
23.«Life is a Long Song» (Original stereomiks)3:21
24.«Up the 'Pool» (Original stereomiks)3:13
25.«Dr. Bogenbroom» (Original stereomiks)3:01
26.«From Later» (Original stereomiks)2:09
27.«Nursie» (Original stereomiks)1:38
28.«Life is a Long Song video» 

Medverkande endre

Jethro Tull
Andre medverkande
  • Glenn Cornick – bassgitar (spelte med bandet på øvingar for albumet i juni 1970 og kan ha vore på somme innspelingar - særleg dei tidlege versjonane av «My God» og «Wondring Again/Wondring Aloud» – sjølv om han ikkje er oppført på albumet)
  • John Burns – lydteknikar
  • David Palmer – orkesterarrangement og dirigering
  • Burton Silverman – plateomslag
  • Terry Ellis – leiande produsent

Salslister endre

Album endre

År Liste Plassering
1971 Australske Album (Kent Music Report) [29] 3
1971 Den danske albumlista (Sporlisteen)[30] 3
1971 Kanadiske album (RPM) [31] 5
1971 Tyske album (Media Control)[32] 5
1997 Tyske album (Media Control)[33]
1996 re-release
44
1971 Italienske album (FIMI) [34] 2
1971 Norske album (VG-lista)[35] 3
1971 UK Albums Chart (OCC) [36] 4
1996 UK Albums Chart (OCC) [36]
1996 re-release
53
1971 US Billboard 200 [37] 7

Singlar endre

År Singel Liste Plassering
1971 «Hymn 43» RPM100 Singles (Canada) [38] 86
Billboard Hot 100 (USA) [37] 91

Salstrofé endre

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1989 3x Platinum (+ 3 000 000) [39]
Tyskland BVMI 2008 Gull (+ 250 000) [40]
UK BPI 2013 Gull (+ 100 000) [41]

Hyllest endre

Publikasjon Land Form År Rangering
The Village Voice US The 1971 Pazz & Jop Critics Poll [42] 1972 22
Classic Rock UK The 100 Greatest Rock Albums of All Time [20] 2001 30
Rolling Stone USA 500 Greatest Albums of All Time [20] 2003 337
The 100 Best-Selling Albums of the 70s UK [43] 2004 90
Q UK 40 Cosmic Rock Albums [27][44] 2005 7
1001 Albums You Must Hear Before You Die US [45] 2005 No order
Guitarist UK The 20 Greatest Guitar Solos of All Time [28] 2011 20
Prog UK The 100 Greatest Prog Albums of All Time [46] 2014 43

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Ben Gerson (22 juli 1971). «Aqualung by Jethro Tull: Rolling Stone Music». Rolling Stone. Henta 15. september 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Bruce Eder. «Aqualung - Jethro Tull: Allmusic». Allmusic. Henta 15. september 2012. 
  3. Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 61. Henta 15. september 2012. 
  4. Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 63. Henta 15. september 2012. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Lawson, Dom; Donlevy, Michael (2011). «The Last Gasp». Classic Rock Presents Prog (Classic Rock) (15): 34–45. 
  6. «Their Time is Gonna Come». Classic Rock. Classic Rock Presents Led Zeppelin: 24. 2008. 
  7. Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 66. Henta 15. september 2012. 
  8. 8,0 8,1 Scott Allen Nollen (2002). Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001. McFarland. s. 64. Henta 15. september 2012. 
  9. Nollen, p.67
  10. (2005) Plateomslagstekst for A Different Kettle of Very Different Fish av Jethro Tull [Track 16]. RandM Records.
  11. «Jethro Tull | Artist | Official Charts». The Official Charts Company. Henta 15. september 2012. 
  12. «Hymn 43 - Jethro Tull: Billboard.com». Billboard. Arkivert frå originalen den 7. april 2011. Henta 15. september 2012. 
  13. 13,0 13,1 «Aqualung - The Official Jethro Tull Website». Jethro Tull. Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  14. Anderson, Ian. «Aqualung 40th Anniversary Collector's and Special Editions». Henta 15. september 2012. [daud lenkje]
  15. Eder, Bruce. «Jethro Tull - Aqualung review». AllMusic. All Media Network. Henta 3. mai 2019. 
  16. Christgau 1981, s. 1981.
  17. 17,0 17,1 «Aqualung - Jethro Tull». Superseventies.com. Henta 3. mai 2019. 
  18. Murphy, Sean (9. desember 2011). «Jethro Tull: Aqualing (40th Anniversary Special Edition)». PopMatters. Henta 3. mai 2019. 
  19. Rathbone, Oregano (December 2011). «Jethro Tull - Aqualung: 40th Anniversary Collector's Edition». Record Collector. Henta 3. mai 2019. 
  20. 20,0 20,1 20,2 «Jethro Tull - Aqualung». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 3. mai 2019. 
  21. McDonald, Riley (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Aqualung». dailyvault.com. Henta 3. mai 2019. 
  22. «Jethro Tull Press: Sounds, 10 april 1971». Sounds. 10 april 1971. Arkivert frå originalen den 14. mai 2011. Henta 15. september 2012. 
  23. Robert Christgau. «Robert Christgau: CG: Jethro Tull». Henta 15. september 2012. 
  24. Murphy, Sean (9 desember 2011). «Jethro Tull: Aqualing (40th Anniversary Special Edition)». PopMatters. Henta 15. september 2012. 
  25. «The RS 500 Greatest Albums of All Time (301-400)». Rolling Stone. 18 november 2003. Arkivert frå originalen 19. juni 2008. Henta 17. september 2012. 
  26. «Pink Floyd & The Story of Prog». Q & Mojo 1. July 2005. 
  27. 27,0 27,1 «Rocklist.net ... Q & Mojo Magazine Special Editions Vol. 1». Rocklist.net. Henta 8. april 2011. 
  28. 28,0 28,1 «The 20 Greatest Gitar Solos of All Time | Guitarist Magazine | MusicRadar.com». Guitarist. 22 mars 2011. Arkivert frå originalen 29. april 2011. Henta 15. september 2012. 
  29. David Kent (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book, St Ives, N.S.W. ISBN 0-646-11917-6. 
  30. «Aqualung – Jethro Tull» (på dansk). Danskehilister.dk. Henta 3. mai 2019. 
  31. «RPM Top Albums – Volume 15, No. 21 Jul 10, 1971». Library and Archives Canada. Henta 3. mai 2019. 
  32. "Jethro Tull - Aqualung". Charts.de. Media Control. Henta 3. mai 2019.
  33. "Top 100 Longplay". Charts.de. Media Control. Henta 3. mai 2019.
  34. «Gli album più venduti del 1971» (på italiensk). Hit Parade Italia.it. Henta 22. mai 2016. 
  35. "Jethro Tull – Aqualung". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 3. mai 2019.
  36. 36,0 36,1 «Jethro Tull: Official Charts». The Official Charts Company. Henta 21 April 2012. 
  37. 37,0 37,1 «Aqualung – Jethro Tull Awards». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 10 April 2016. 
  38. «Top Albums/CDs - Volume 16, No. 1, 21. august 1971». Library and Archives Canada. 21. august 1971. Henta 3. mai 2019. 
  39. «RIAA Gold & Platinum Database: search for Jethro Tull». Recording Industry Association of America. Henta 24. mars 2016. 
  40. «Gold-/Platin-Datenbank (Jethro Tull)» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 3. mai 2019. 
  41. «Search for Artist Jethro Tull». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 6. februar 2013. Henta 3. mai 2019. 
  42. «The 1971 Pazz & Jop Critics Poll». 10 February 1972. Henta 5 July 2013. 
  43. Champ, Hamish (2005). The 100 Best-Selling Albums of the 70s. Amber Books. ISBN 978-1-904687-11-5. 
  44. «Pink Floyd & The Story of Prog». Q & Mojo 1. July 2005. 
  45. AA.VV. (7. februar 2006). Robert Dimery, red. 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Universe Publishing. ISBN 978-1-84403-392-8. 
  46. Kilroy, Hannah May; Ewing, Jerry (6. august 2014). «The 100 Greatest Prog Albums Of All Time: 60-41». Henta 3. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff endre