Arabah (hebraisk הָעֲרָבָה, HaAravah arabisk وادي عربة Wādī ʻAraba), òg kalla Aravah, er ein del av Jordandalen som går frå nord til sør mellom sørenden av Galileasjøen (som Jordandalen) og sør til Daudehavet og vidare sørover til han endar ved Aqababukta. Han ligg langs det meste av grensa mellom Israel i vest og Jordan i aust. Mange moderne geografar reknar ikkje lenger den nordlege delen mellom Daudehavet og Galileasjøen som ein del av Arabah, men i antikken og fram til tidleg på 1900-talet vart heile denne riftdalen rekna som ein del av Arabah.

Arabah
dal
Wadi Arabah i solnedgang.
Land  Israel,  Jordan
Distrikt Sør
Koordinatar 30°25′01″N 35°09′05″E / 30.41694°N 35.15139°E / 30.41694; 35.15139
Høgaste punkt
 - høgd 230 moh.
Lågaste punkt
 - høgd 417 muh.
Lengd 166 km
Kart
Arabah
30°25′01″N 35°09′05″E / 30.416944444444°N 35.151388888889°E / 30.416944444444; 35.151388888889
Wikimedia Commons: Arabah

Geografi endre

Den varmaste, sørlegaste området av Arabah strekkjer seg 166 km frå Aqababukta til sørsida av Daudehavet. Topografisk er regionen delt i tre. Frå Aqababukta og nordover stig landet gradvis over ei lengd på 77 km, og når ei høgd på 230 meter over havet. Dette punktet ligg på vasskilje mellom Daudehavet og Raudehavet. Frå denne ryggen fell landet slakt nordover dei neste 74 km til eit punkt 15 km sør for Daudehavet. I den siste delen fell Arabah bratt ned mot Daudehavet og endar 417 meter under havnivå, det lågaste punktet på jorda.

Sørlege Arabah er særs varm og tørr og praktisk talt utan regn. Området er derfor tynt folkesett. Det jordanske distriktet Wadi Araba skal ha opp under 7 000 innbyggjarar, medan 96 000 bur i sjølve Aqaba.[1] Fem store stammer utgjer åtte busetnader på den jordanske sida. Desse stammene er: Al-S'eediyeen (السعيديين), Al-Ihewat (الإحيوات), Al-Ammareen (العمارين), Al-Rashaideh (الرشايدة) og Al-Azazmeh (العزازمة), i tillegg til dei mindre stammene Al-Oseifat (العصيفات), Al-Rawajfeh (الرواجفة), Al-Manaja'h (المناجعة) og Al-Marzaqa (المرزقة), blant andre. Hovudnæringa for innbyggjarane i Arabah er sauegjeting, jordbruk, handverk og den jordanske hæren.

På den isrealske sida er det nokre få kibbutzim og moshavim. Den eldste kibbutzen i Arava er Yotvata, grunnlagd i 1957, og kalla opp etter oldtidsbyen i området som er nemnd ein gong i Bibelen. Kibbutz Lotan, som er ein av dei nyaste kibbutzim i Israel, har eit fuglekikkingssenter. Den eldste moshav i sentrale Arava er Ein Yahav.

I bibelske tider var området eit senter for koparproduksjon. Kong Salomon eigde visstnok gruver her. Arabah var heimstaden til edomittane (Edom vart kalla Idumea av romarane). Aust for Arabah var området til nabateaane, som bygde byen Petra.

Den israelsk-jordanske fredsavtalen vart signert i Arabah den 26. oktober 1994. Dei jordanske og israelske styresmaktene prøver no å utvikle området. Det er planar om å føre inn sjøvatn frå Raudehavet til Daudehavet gjennom ein kanal kalla Tosjøkanalen, som i så fall vil gå langs Arabah. Dette prosjektet var ein gong opphavet til ein strid mellom Jordan og Israel, men det vart nyleg semje om at prosjektet skal gjennomførst på og av den jordanske sida.

Naturhistorie endre

Arabah er særs naturskjønt med fargerike klipper og spisse fjell. Timnadalparken i Israel er kjend for dei førhistoriske helleristingane, somme av dei eldste kopargruvene i verda og ei klippe kalla Salomonsøylene. På den jordanske sida ligg den kjende Wadi Rum, som er kjend blant friluftsfolk.

Stader i Jordan endre

Den totale jordanske folkesetnaden i regionen er 103 000, der 96 000 bur i Aqaba.

Stader i Israel endre

Den israelske folkesetnaden er 52 000, der 47 500 bur i Eilat, og litt over 5,000 i små landsbyar nord for Eilat, der den største av desse er Yotvata med 610 innbyggjarar.

Kjelder endre

  1. Jordan Department of Statistics. 2004

Bakgrunnsstoff endre