Arbeider-Avisa, grunnlagd som Arbeider-Avisen og omdøypt til Avisa Trondheim dei siste tre åra ho kom ut, var ei dagsavis som kom ut i Trondheim fram til ho blei nedlagd i 1996. Bladet blei grunnlagt som Arbeider-Avisen i 1924, bytta namn til Arbeider-Avisa i 1946, og til Avisa Trondheim i 1993. Også etter namnebytet blei ho gjerne omtala som «arbeider-avisa».

Historie endre

Avisa blei til etter den andre partisplittinga i Arbeidarpartiet hausten 1923. Ulikt størstedelen av landet elles fekk kommunistane fleirtal i den lokale partiorganisasjonen i Trondheim. Kommunistane fekk dermed eigedommane til partiet, mellom anna partiavisa Ny Tid. Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag la mykje inn på å grunnleggja ei ny avis, og skreiv ut ein ekstrakontingent på årsmøtet sitt for å få til dette. 15. mars 1924 var den nye avisa «Arbeider-Avisen - organ for det norske Arbeiderparti» i sal. I partiet såg mange på den nye avisa som ein direkte etterfølgjar av Ny Tid.

Trøndelag Social-Demokrat, som blei starta av dei sosialdemokratiske utbrytarane av Arbeiderpartiet etter den første partisplittinga i 1917, blei teken opp i Arbeider-Avisen ved partisamlinga i 1927. Også Levanger-avisa Folkets Rett blei teken opp i Arbeider-Avisen, slik at avisa Arbeidarpartiets sitt organ i Trøndelag.

I 1939 blei bladet Ny Tid lagt ned, og Arbeider-Avisen blei talerøyret for arbeidarrørsla i Trøndelag.

Andre verdskrigen endre

Arbeider-Avisen fortsette å komme ut under andre verdskrigen, men møtte snart vanskar. Artiklar og leiarar der det kom fram klare politiske meiningar som dei tyske okkupantane ikkje likte, førte til kortare og lengre utgjevingsstoppar som straff.

Første stopp kom den 30. august 1940 og varte i seks dagar. Straffa kom etter ein lita melding frå ein heradsstyredebatt i Leksvik med tittelen «Ein som ikkje gjev opp». Under den eigentlege meldinga var det føydd til: «Vi har tatt under overveielse å øke linjeavstanden slik at leserne bedre skal kunne lese mellom linjene».

Den endelege stoppordren kom 29. januar 1941. Tysk og norsk politi troppa opp i Adresseavisens rotasjonshall der Arbeider-Avisen blei trykt og slo sund dei ferdigstøypte sidene med slegge. Dei tre andre trondheimsavisene omtalte hendinga med ei knapp melding frå sentralt hald: «Arbeider-Avisen i den siste tid til stadighet har offentliggjort artikler og meldinger som bare har hatt den hensikt å øve en uheldig innverknad på avisens leserne, og dermed skade ro og orden, samtidig som det vi ødelegge det arbeid som de norske og tyske myndighetene i fellesskap utfører». Opphaldet var opphavleg meint å gjelda i fire veker, men blei varande ut krigen.

I oktober 1942 blei redaktør i Arbeider-Avisen, Harald Langhelle, arrestert og avretta som eitt av ti sonoffer etter ein sabotasjeaksjon ved Fosdalen gruber i Malm.

Oppgjeret etter krigen endre

Då den tyske okkupasjonen tok slutt den 8. mai 1945 blei Trondheims-Pressen, eit fellesorgan laga av Adresseavisen, Arbeider-Avisen og Nidaros, seld i nokre dagar fordi heimefronten ønskte å avgrensa fordelane for dei avisene som ikkje var blitt stoppa under krigen. Under avisoppgjeret etter krigen blei Addresseavisen dømd til å betala den største erstatninga av alle aviser, 600 000 kroner, tilsvarande 100 000 kroner for Aftenposten. Likevel var det denne avisa som blei ståande som vinnar i «aviskrigen» i Trondheim. Til forskjell frå Arbeider-Avisa hadde ho fullt produksjonsutstyr att, i tillegg til at ho hadde fått mange fleire abonnentar under krigen.

Ved krigsutbrotet hadde byen fire dagsaviser, den største var Dagsposten (15 000 eks), deretter den konservative Adresseavisen (ca 15 000 eks), DnA-organet Arbeider-Avisen (10 000 eks) og venstreorganet Nidaros (10 000 eks). I 1947 var Arbeider-Avisa (21 400) halvparten så stor som Adresseavisen (41 000).

Etterkrigstida endre

Etter krigen klart ikkje Arbeider-Avisa få eit høgare opplagstal, og sleit økonomisk.

I 1964 slo avisa seg saman med Namdal Arbeiderblad i selskapet a/s Trønderpresse, noko seinare også med Stjørdalens Blad, for å styrka annonsesalet i regionen. Dei to oppkjøpte avisene braut ut av selskapet på 1970-talet for førstnemnde og 1990-talet for sistnemnde.

Arbeider-Avisa gjekk ofte føre med nye teknikkar og strategiar. Tidleg på 1970-talet gjekk avisa over til tabloidformat samtidig som ein starta trykking i offset på si eiga presse. I 1974 blei avisa morgonblad, men støytte mot det etablerte morgonbladet Adresseavisen. Midt på 1980-talet blei Arbeider-Avisa ei av dei første der journalistane skreiv stoffet sitt rett inn på data sjølve.

Norsk Arbeiderpresse blei eigarar på slutten av 1980-talet og erklærte avisa som satsingsområde. Dei neste åra var likevel prega av arbeidskonfliktar, omorganisering og rykte om snarleg slutt. 30 prosent av staben blei oppsagt ved påsketider i 1989. Dette året slutta avisa også å vera «organ for Det norske Arbeiderparti».

Etter 45 år i Folkets Hus i Midtbyen, med redaksjonslokale i fleire ulike etasjar, flytta arbeideravisredaksjonen og trykkeriet til nytt avishus på Lade i 1990.

Namnebyte og slutt endre

I 1993 skifta avisa namn til Avisa Trondheim og redaksjonen flytta tilbake til sentrum. No var Studentsamskipnaden i Trondheim og Norske Aller blitt medeigarar i multimedia-konsernet «Trøndelag Avis og Kringkasting», og ei refinansiering skulle sikra avisa ein levedyktig økonomi utan tyngande gjeldspostar. Ein del av avtalen var at Studentsamskipnaden skulle kjøpa mellom 2000 og 3000 abonnement som skulle gjevast til studentar, men dette møtte sterk motstand frå studentane.

Hausten 1994 kom ei refinansiering i stand, der også konkurrenten Addresseavisen var med. Året etter blei alle dei tilsette sagt opp og bende om å søka på nye jobbar i avisa i eit forsøk på å redusera bemanninga og spara pengar. Men økonomien blei ikkje betre, mellom anna på grunn av ein aukande nedgang i avissalet.

I 1996 blei avisa slått konkurs. Sisteutgåva av Avisa Trondheim kom ut tysdag 27. februar 1996. Då var opplaget på 11 036 eksemplar etter eit fall på vel 2000 kvart av dei siste to åra. Arbeiderbladet i Oslo kjøpte abonnementsregisteret medan Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek kjøpte arkivet.

Ny arbeidaravis endre

I januar 2008 starta Arbeideravisa opp, meint som ei vidareføring av Arbeider-Avisa og ei utfordring mot Addresseavisen sitt avismonopol i Trondheim.

Ansvarleg redaktør endre

Dei ansvarlege redaktørane i Avisa Trondheim, Arbeider-Avisa og Arbeider-Avisen:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre