Arbet Kozhaya
Arbet Kozhaya, òg kalla Arbet Qozhaya eller Arabet Kozhaya, (arabisk عربة قزحيا, gammalsyrisk ܥܪܒܐ ܕܩܙܚܝܐ) er ein landsby i Zgharta distrikt (Zgharta Zawie) i Nord guvernement i Libanon.
Arbet Kozhaya | |||
عربة قزحيا | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Nord guvernement | ||
Distrikt | Zgharta distrikt | ||
Høgd | 1 000 moh. | ||
Koordinatar | 34°17′42″N 35°55′32″E / 34.29500°N 35.92556°E | ||
Areal | 2,0 km² | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Retningsnummer | +961 | ||
Arbet Kozhaya 34°17′42″N 35°55′32″E / 34.295°N 35.925555555556°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Arbet Kozhaya | |||
Etymologi endre
Landsbyen har fått namn etter klosteret Kozhaya, som òg vert kalla St. Anton den store-klosteret (Mar Antonios al-Kabir). Klosteret ligg 950 meter over havet i Kozhayadalen.
Ordet Arbet (Aarbet) tyder skrå, sidan landsbyen ligg på ei skrå flate oppom Kozhaya.
Namnet Kozhaya er assyrisk og tyder livets skatt, der skatt syner til Kristus.
Geografi endre
Kozhayadalen og den nærliggande Qannoubinedalen er ein del av Qadishadalen, som òg vert kalla Den heilage dalen. Landsbyen ligg mellom 900 og 1 050 meter over havet og dekkjer kring 2 kvadratkilometer. Han ligg 5 km frå Ehden, 25 km frå Zgharta, 30 km frå sederskogen og 85 km frå Beirut.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Arbet Kozhaya» frå Wikipedia på engelsk, den 19. september 2014.
Bakgrunnsstoff endre
- The official site of arbet-kozhaya landsby Arkivert 2019-01-02 ved Wayback Machine.