Arda i Tolkien-verda

Arda er alvisk og tyder jorda i J.R.R. Tolkien si diktarverd.

Arda vart skipa som bustad for Ilúvatarborna, alvar og menneske. Opphavleg vart jorda tenkt symmetrisk, men Melkor vanæra Arda tidleg i første heimsæva, og mønsteret vart brote. Etter dette blir Arda ofte omtala som "Vansirde Arda".

Tolkien tenkte seg først at jordskiva var flat, med nattmurane ytst i randa av verda, og eit stort uthav, Ekkaia, som krinsa heile heimen. Lengst vest låg Aman, med Valinor, der Valane eller gudane budde, i midten Midgard eller Endor, og austpå landa der sola steig opp.

Etter at Númenor sokk i havet vart verda omskapt, og Arda vart den runde kloden vi bur på i dag, og dei sæle landa vestpå vart tekne bort frå den fysiske verda.

Sjå elles Ëa.