Ardennarhest eller ardennar er ein tung arbeidshestrase. Belgia og Frankrike vert rekna som heimland for ardennarhesten.

Ardennarhest i sele

Skildring endre

Ardennarhesten er ein stor, sterk og kompakt kaldblodshest som veg mellom 500 kg og eit tonn, men oftast omkring 700 kg. Rasestandarden kan variere ein del frå land til land. Mankehøgda ligg vanlegvis mellom 155 og 162 cm.

Historie endre

Ardennarhesten har sitt opphav i Ardennene som ligg søraust i Belgia, nær grensa til Frankrike. Under Napoleonskrigane vart hesten nytta som artillerihest, og vann seg eit ry som sterk, hardfør og lettfora. Opp gjennom tidene gjekk det føre seg ein god del utavl. Mellom anna vart det kryssa inn arabarhest, engelsk fullblodshest, percheron og brabanthest.

Førekomst endre

Ardennarhesten er ein av verdas mest talrike tunge kaldblodshestar og er utbreidd over store delar av verda. Fleire land har eigne stambøker og eigen rasestandard, mellom anna Belgia, Frankrike, Luxemburg og Sverige.

Bruk endre

Ardennarhesten vert mellom anna nytta til arbeidshest i skogbruket, terapiriding og kjøtproduksjon.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ardennarhest

Kjelder endre

  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.