Ardennes

franske departement
Ardennes er òg det franske namnet på fjellområdet Ardennane
Ardennes
Våpenskjoldet til Ardennes
Plassering
Plasseringa til Ardennes i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 08
Region: Rhône-Alpes
Préfecture: Charleville-Mézières
Sous-préfectures: Rethel
Sedan
Vouziers
Arrondissement: 4
Kantonar: 37
Kommunar: 463
Président du conseil général: Benoît Huré
Statistikk
Folketal Rangering 75.
 -1999 290 130
Folketettleik: 55/km²
Landareal¹: 5 229 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Ardennes er eit departementet nordaust i Frankrike i regionen Champagne-Ardenne. Préfecture eller administrasjonsstad er Charleville-Mézières. Departementet har 290 130 innbyggjarar (1999), og har sitt namn frå fjellområdet Ardennane, som heiter Ardennesfransk.

Historie endre

Departementet er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det er kalla opp etter landskapet Ardennane som ligg nordaust i Frankrike, sør i Belgia og i Luxembourg. Det består av delar av dei tidlegare franske provinsane Champagne og Argonne (keltisk: «Ar Gonn», som tyder «djup skog») og av fyrstedømet Sedan.

Namnet Ardennnane vart først nemnd av Julius Cæsar, som i «Krigen om Gallia» tala om ei keltisk gudinne kalla Arduinna, ei krigsgudinne som vanlegvis vart vist ridande på eit villsvin.

Området har vore utsett for mange kamphandlingar, både i den første og den andre verdskrigen, slik som Slaget ved Ardennane og Ardennaroffensiven.

Geografi endre

Departementet er omringa av dei franske departementa Meuse, Marne og Aisne, og grensar til Belgia i nord.

Ardennes ligg i Ardennane og har store område med tett skog. Den største elva i området er Meuse

Demografi endre

Folketalet i Ardennes har minka sidan 1982 på grunn av flytting frå distrikta til byane. Med om lag 290 000 innbyggjarar er departementet eit av dei minst folkesette i Frankrike.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ardennes