Aremark kommune

kommune i Østfold fylke i Noreg

Aremark er ein kommune i Østfold fylke. Kommunen grensar mot Sverige i aust. Elles vert kommunen omgjeve av dei norske kommunane Marker i nord, Rakkestad i vest og Halden i sør.

Aremark kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Østfold
Adm.senter Fosby
Areal 319 km²
 - land 282 km²
 - vatn 37 km²
Folketal 1 347  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Håkon Tolsby (Sp)
Kommunenr. 3124
Kart
Aremark kommune
59°13′23″N 11°41′44″E / 59.223055555556°N 11.695555555556°E / 59.223055555556; 11.695555555556
Wikimedia Commons: Aremark
Nettstad: www.aremark.kommune.no
Aspern ved Tripperødbukta
Aremark kyrkje sett frå Ara (Aremarksjøen) i 1907
Foto: Ander Beer Wilse

Haldenvassdraget strekkjer seg gjennom kommunen. Det er kring 600 hytter i kommunen.

Folkeetymologien koplar namnet til den eine av to systrer, Ida og Ara, som rudde kvar si bygd i grenseskogane. Truleg stammar namnet frå samankoplinga av namnet på sjøen Are og Mark som tyder skog.

Folk frå Aremark endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.