Arequipa-regionen

Arequipa (spansk Región Arequipa, quechua Ariqipa suyu) er ein region i det sørlege Peru med ei lang kystlinje grense mot Stillehavet. Han har grenser mot Ica-regionen i nordvest, mot Ayacucho-regionen og Apurímac-regionen i nord, Cuzco-regionen og Puno-regionen i aust, og Moquegua-regionen i søraust. Folkesetnaden var 999 026 i 1996, arealet er 63 345 km². Hovudstaden er Arequipa.

Regionen er delt inn i 8 provinsar.

Provins (hovudstad)

  1. Arequipa (Arequipa)
  2. Camaná (Camaná)
  3. Caravelí (Caravelí)
  4. Castilla (Aplao)
  5. Caylloma (Chivay)
  6. Condesuyos (Chuquibamba)
  7. Islay (Mollendo)
  8. La Unión (Cotahuasi)

Geografi endre

Arequipa har eit variert landskap med ei mykje tørr kyststripe i sør og eit mektig fjellandskap i sentrale og nordre delar av regionen. Kystlandskapet er gjennomskore av dalar med elver frå Andes som syter for vasstilførsel til frodig jordbruksland i avgrensa område. Sideelver til Apurímac har opphav i fjella rett nord for den djupe Colcadalen i Caylloma-provinsen og er dei mest fjerne kjelda til Amazonas-floden. Her finst fleire aktive vulkanar, høgste vulkanen er Ampato på 6310 moh., ein annan mykje kjent og kjegleforma vulkan er Misti på 5821 moh. like ved byen Arequipa.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.