Argo, Skipet Argo eller Argo Navis er eit namn på eit tidlegare stort stjernebilete på sørhimmelen, som i dag er delt i tre bilete: Kjølen (Carina), Akterstamnen (Puppis) og Seglet (Velum).

Stjernebiletet Argo Navis teikna avJohannes Hevelius.

Stjernebiletet representerte «Argo», skipet som vart nytta av Jason og argonautane i gresk mytologi.

På grunn av presesjon har stjernene i Argo flytta seg lenger sør sidan antikken, og færre av dei er synlege i dag frå breiddegradene kring Middelhavet.[1]

Argo Navis er det einaste av dei 48 stjernebileta som vart oppførte av Klaudios Ptolemaios på 100-talet som ikkje lenger vert offisielt rekna som eit stjernebilete. Det kjem av storleiken og om det framleis hadde vore eit enkelt stjernebilete, ville det ha vore det største av dei alle. I 1752 delte den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille det opp i dei tre stjernebileta det består av i dag.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Argo Navis