Argyll and Bute (skotsk-gælisk Earra-Ghaidheal agus Bòd) er ein av 32 regionar og eit statthaldarskap i Skottland. Det administrative senteret er i Lochgilphead.

Argyll and Bute
Geografi
Areal
6 909 km²
Administrasjonsstad
Lochgilphead
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

90 500
13,1 /km²

Argyll and Bute dekkjer det nest største adminsitrative området i Skottland. Inkludert øyane er det over 3000 km kystlinje, noko som vert hevda å vere meir enn heile Frankrike.

Regionen grensar til Highland, Perth and Kinross, Stirling og West Dunbartonshire. Grensa går langs Loch Lomond.

Den noverande regionen vart skipa i 1996 då det vart teke ut av regionen Strathclyde, som var eit todelt lokalstyre med 19 distrikt. Argyll and Bute vart slått saman av distrikta Argyll og Bute og valkrins i distriktet Dumbarton. Dumbarton, kalla 'Helensburgh and Lomond', omfatta byen Helensburgh og bestod av området vest for Loch Lomond, nord for Firth of Clyde og hovudsakleg aust for Loch Long.

Regionen omfattar òg det meste av det historiske grevskapet Argyll (Argyll minus Morvern-området nord for Mull, som vart ein del av Highland i 1975), delar av grevskapet Bute (Isle of Bute) og delar av grevskapet Dunbartonshire (Helensburgh og Lomond).

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre