Ein arie er eit nummer som vert utført av éin songar i ein opera eller eit oratorium. Før ein stor arie er der ofte eit resitativ. Mindre pompøs og relativt kortare solosang i opera vert nokre gonger kalla ein arietta.

Ordet er italiensk og har same opphav som det engelske air (Londonderry Air), altså ein melodi. Uttrykket oppstod på 1300-talet og skildra då ein måte å synge på. Sidan etablerte det seg ei fast form (ABA) der første del var den som presenterte motivet, andre del utvikla det og siste del gav songaren høve til å improvisere over første del. Den siste delen vart ikkje skriven av komponisten, han nytta uttrykket Da Capo (frå byrjinga) og overlet resten til solisten. Av den grunn vert slike ariar kalla Da Capo-ariar.

Ariar var særs vanleg i barokkmusikk. Bach har ei rekkje slike ariar i musikken sin. Kantaten Jauchzet Gott in allen Landen (BWV 51) (1730) startar med ein arie for sopran og trompetsolist. Frå Händels Messias er nok bassarien The Trumpet Shall Sound den mest kjente.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre