Ariège

franske departement
(Omdirigert frå Ariege)
For elva med same namn, sjå elva Ariège
Ariège
Våpenskjoldet til Ariège
Plassering
Plasseringa til Ariège i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 08
Region: Midi-Pyrénées
Préfecture: Foix
Sous-préfectures: Pamiers
Saint-Girons
Arrondissement: 3
Kantonar: 22
Kommunar: 332
Président du conseil général: Augustin Bonrepaux
Statistikk
Folketal Rangering 95.
 -1999 137 205
Folketettleik: 28/km²
Landareal¹: 4 890 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Ariège er eit departementet sørvest Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie endre

Ariège er ein av dei 83 opphavlege departement som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart oppretta av provinsane Foix og Couserans.

Geografi endre

Departementet er ein del av regionen Midi-Pyrénées og er omringa av dei franske departementa Haute-Garonne, Aude og Pyrénées-Orientales, i tillegg til at det grensar til Spania og Andorra i sør.

Geografien er dominert av Pyreneane, som dannar grensa mellom Frankrike og Spania.

Demografi endre

Innbyggjarane i departementet vert kalla ariégeois.

Kultur endre

Regionen var opphavleg ein del av Aquitaine, og ein kan sjå mange av kjenneteikna av den oksitanske kulturen og oksitansk.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ariège