Arion av Methymna var ein legendarisk gresk diktar frå øya Lésvos som levde rundt år 625 f.Kr. Han var særskild dyktig, og har fått æra for å ha utvikla diktforma dithyrambos. Instrumentet hans var ein kithara, ei form for lyre.

Arion

Fødd 7. hundreåret f.Kr.
Míthymna
Død

6. hundreåret f.Kr.
Ancient Corinth

Yrke lyrikar, skribent, dithyrambic poet, citharode
Språk gresk
Arion på Commons

Diktaren heldt til ved hoffet til kong Periander av Korint, men ifølgje legenda fekk han ein dag høyra om ein viktig musikkonkurranse på Sicilia som han gjerne ville vera med på. Å vinna den ville gje han både pengar og ære. Arion la i veg, og tok dommarane med storm. Han vann førsteprisen.

Arion seglde heim med pengepremien og fleire gåver frå imponerte sicilianarar. Undervegs blei sjømennene på skipet misunnelege, og dei blei einige om å drepa diktaren og ta rikdommen hans. Dei overmanna han og gav han eit val: Han kunne anten ta livet sitt, slik at han ville bli gravlagd på land, eller hoppa over bord og få havet som grav.

I staden for å ta dette umoglege valet, bad Arion om å få synga ein siste gong, og sjørøvarane, som gjerne ville høyra den vidgjetne songen, gav han lov. Songen hans trollbatt sjømennene, men tiltrekte òg fleire delfinar som byrja å leika rundt båten. Arion song eit siste vers til gudane og kasta seg i sjøen.

Sjømennene var godt nøgde; dei trudde han hadde drukna og reiste tilbake til Korint. Men Arion var blitt redda av ein delfin, som tok diktaren på ryggen og bar han inn til land. Arion kom heim før sjømennene, og fortalde kong Periander kva som hadde skjedd. Kongen trudde ikkje heilt på historia om delfinen, og sette Arion i husarrest. Då sjømennene kom til byen, bad han dei koma til hoffet og spurde kor det var blitt av diktaren. Dei hevda at han var blitt igjen i Tarentum på Sicilia, ettersom folket der sette slik pris på dei. Då tro Arion fram for dei, og sjørøvarane måtte innrømma kva som verkeleg hadde skjedd.

Ei legende om stjernebiletet Delfinen seier at det vart plassert på himmelen av Apollon, som var gud for musikk, til ære for Arion og delfinen.