Aristoteles (gresk Ἀριστοτέλης Aristotélēs, 384 f.Kr.322 f.Kr.) var ein gresk filosof og naturforskar. Saman med Platon vert han ofte sett på som ein av dei to største filosofane i den antikke verda. Skolastikken, som spelte ei stor rolle innanfor mellomalderkristendommen, har røter i aristotelisk tenking.

Aristoteles

Byste av Aristoteles i marmor. Romersk kopi etter ein gresk original i bronse av Lysippos frå 330 f.Kr.
Fødd384 f.Kr.
Stagira
Død322 f.Kr.
Chalcis
Områdefilosofi, naturfilosofi
Yrkebiolog, kosmolog, logikar, zoolog, litteraturkritikar, matematikar, etiker, kunnskapsteoretiker, politisk filosof, polyhistor, språkfilosof, skribent, filosof, astronom, geograf, lærar, tutor, ontolog, fysikar
Alma materPlatons Akademi
EktefellePythias
SambuarHerpyllis
BarnNicomachus, Pythias

Aristoteles er særleg kjent for å ha utvikla læra om syllogistiske slutningar, for si årsaks- og forandringslære og for si lære om praktisk skjønn og den gylne middelvegen.

Livssoge endre

 
Aristoteles på eit romersk veggmåleri.

Som son av ein lækjar vart Aristoteles fødd i 384 f.Kr. i Stagira i det nordlege Hellas. Då han var 17, fór han i 367 f.Kr. til Aten for å studera ved Akademiet, Platon sin skule. Der vart han dei neste to tiåra. Frå 344 til 342 f.Kr. studerte Aristoteles marinbiologi på Lésvos. Deretter hadde han jobb som privatlærar for den komande Aleksander den Store frå 342 f.Kr. til 340 f.Kr., og seinare grunnla han ein skole i Aten, Lyceum, og eit bibliotek.

Om Aristoteles er det dessutan kjent at han stamma.

Etikk endre

Aristoteles hadde ein personorientert moralfilosofi som seinare har sette grunnlaget for den moderne dygdsetikken.[1] Han var oppteken av omgrepet lykke (eudaimonia), som han meinte var evna til å lykkast med ein rasjonell aktivitet, det å fungera til det fulle og heile og utføra arbeid.[2]

Logikk endre

Syllogismelæra handlar om korrekte og ukorrekte sluttingsfigurar og vert sett på som byrjinga på logikken som vitskap. I forhold til moderne logikk har læra eit svært avgrensa bruksområde. Ho vert framleis brukt innan til dømes muslimske og katolske tradisjonar.

Fysikk endre

Aristoteles sitt fysikkomgrep var mykje vidare enn den moderne forståinga av faget, og han såg til dømes på rørsle som alle former for forandring, også vekst og aldring.

Han såg på universet som bygd opp av fem element, og fire av dei fann ein på jorda: eld, luft, jord og vatn. Av dette kjem det moderne uttrykket «kvintessens»; av latin quint, 'fem' og essentia, 'essens, element'.

Aristoteles kom fram til at jorda var ein klode. Han la merke til at når ho skugga for sola under måneformørkingar var ho alltid rund, same kor månen stod på himmelen. Hadde jorda hatt ei anna form ville dette ha påverka utsjånaden til skuggen, påstod Aristoteles.

Biologi endre

Aristoteles vert rekna som grunnleggaren av biologi som vitskap. Det er to ting som er spesielt verdt å nemna: Vektlegginga av samanhengen mellom final og formal årsak og ei systematisk ordning av alle gjenstandane i naturen i eit hierarkisk system.

For levande skapningar kan final årsak seiast å vera økologisk nisje, eller naturleg plass. Den formale årsaka er tilsvarande anatomien til den levande skapningen. Å uttrykka ein samanheng mellom final og formal årsak vil for Aristoteles til dømes vera å seia at føtene våre er forma slik at me skal kunna gå rundt på jorda. Dette står delvis i kontrast med evolusjonsteorien til Charles Darwin, men sjølve ideen, at det er viktig å skildra ein samanheng mellom funksjon og struktur, er viktig i dag også.

Aristoteles ordna alle gjenstandane i eit hierarkisk system, med grunnlina menneske-organisk liv (dyr og planter)-uorganiske ting (bruksting og naturlege ting). Kvart nivå har sine karakteristiske vesentlege eigenskapar som ikkje kan verta redusert til eit lågare nivå: Plantene har ei vegetativ sjel, dei kan ta opp næring, dyr har i tillegg ei sensorisk og motorisk sjel, dei kan sansa og røra på seg, medan menneska i tillegg har ei fornuftig sjel. Med sjel meiner ein då den formale årsaka til ein levande organisme.

Kjelder endre

  1. Sagdahl, Mathea Slåttholm (1. juli 2021). «dydsetikk». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Fossheim, Hallvard (9. juli 2021). «Aristoteles». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aristoteles