Aristoteles Onassis

 

Aristoteles Onassis

Statsborgarskap Hellas, Argentina
Fødd 20. januar 1906
İzmir
Død

15. mars 1975 (69 år)
Neuilly-sur-Seine

Yrke reiar, forretningsdrivande, gründer
Språk nygresk, engelsk
Far Socrates Onassis
Mor Penelope Dolagu
Ektefelle Athina Livanos, Jacqueline Kennedy Onassis
Partnar Maria Callas
Aristoteles Onassis på Commons

Aristoteles Sokratis Onassis (gresk: Αριστοτέλης Ωνάσης, Aristotélis Onásis) (20. januar 190615. mars 1975) var ein gresk skipsreiar og entreprenør. Han skipa òg det greske flyselskapet Olympic Airways i 1957.

Liv og virke endre

 
Aristoteles Onassis på besøk i Persia, ein gong rundt 1970.

Bakgrunn endre

Aristoteles Onassis vart fødd i Smyrna i Det osmanske riket (noverande Izmir) og emigrerte som 16-åring statslaus med Nansenpass med familien til Argentina etter den første verdskrigen. Til å byrja med arbeidde han i ein telefonveksel.

Karriere endre

Med tida avanserte han til gresk generalkonsul, og hadde etter berre nokre få år vorte dollarmillionær ved handel med råtobakk og deretter ved å investera pengane i fartøy. Han gav seg dermed inn i reiarverda.

I Argentina bygde han seg etter kvart opp som skipsreiar, ikkje minst innanfor kvalfangst; der han hadde nær kontakt med norske skipsreiarar, mellom andre Anders Jahre og Erling Dekke Næss. I den tidlegare bustaden til Jahre i Midtåsen i Sandefjord ligg «Onassis-suiten» i andre etasje, som fekk namnet etter at Aristoteles Onassis ein gong overnatta her, og lystbåten til Jahre, «Jacqueline», var oppkalla etter kona til Onassis, Jacqueline Kennedy Onassis.

Etter den andre verdskrigen brukte Onassis høva som baud seg ved behov for ny tonnasje og ekspanderte ytterlegare. I 1954 vart han etterforska for skattesvik av FBI og gjekk med på eit forlik der han betalte 7 millionar amerikanske dollar.

Etter andre verdskrigen kjøpte Onassis ein utrangert kanadisk fregatt, pussa han opp og brukte han som den private lystyachten sin. Yachten «Christina O», namngjeven etter dottera Christina Onassis, var eit midtpunkt for verdssosieteten på 1950-talet, og kjende personlegdomar som Winston Churchill, John F. Kennedy og Marilyn Monroe var gjestar ombord.

Onassis levde i mange år saman med operasongaren Maria Callas. Den 20. oktober 1968 gifta Onassis seg med Jaqueline Kennedy, enka etter den myrda presidenten John F. Kennedy, og han var gift med ho til han døydde. Sidan den einaste sonen til Onassis hadde omkome, var einearvinga hans dottera Christina Onassis, og etter ho døydde var dottera hennar, Athina Onassis einaste arvtakar.

Onassis døydde etter fleire års sjukdom av lungebetennelse i 1975 i Neuilly-sur-Seine utanfor Paris i Frankrike.

Kjelder endre

Litteratur endre