Arkade kan og tyda arkadespel.

Arkade av latin arcus, boge er ei bogerekkje på ein frittståande søylerad. Arkadar kan også vere eit inntrukke felt på ein vegg, nytta som arkitekturornamentikk, og vert då kalla blindarkade. Bogene kan då stå tett inntil kvarandre eller overskjere kvarandre, og vert då kalla kryssbogearkadar.

Arkade på Youngstorget i Oslo.

I kyrkjearkitektur frå mellomalderen dannar arkaden den nedste etasjen i midtskipsveggen, triforium den midtre, og klerestorievindauga den øvste etasjen.

Utrykket arkade vert også nytta om ein overdekt gang, som også vert kalla galleri, og som er open på ei eller fleire sider gjennom ei arkaderekkje.

Bakgrunnsstoff endre