Arkadespel er myntopererte speleautomatar som inneheld eit videospel. Arkadespel fekk namnet av di dei var populære i amerikanske spelehallar ein kalla arcades. I Noreg fann ein ofte arkadespel i kafear, utestader og kjøpesenter frå 80-talet og til byrjinga av 90-åra. Då kom spelkonsollar og datamaskinar som var jamsteld med maskinvara i arkadespela og marknaden for arkadespel stort sett svann.

Arkadespelet Donkey Kong frå 1981

MAME er ein emulator som gjer det mogleg å køyre arkadespel på ein vanleg datamaskin.

Spel endre

Eit veldig typisk trekk ved arkadespel er at dei er ofte enkle med mykje action og kort speletid. Arkadespel blir ofte kjenneteikna ved korleis vanskegrada aukar jo meir progresjon ein får i spelet. Eit veldig kjent kjenneteikn i arkadespel er highscorelista, som var eit statussymbol om ein klarte å kome på henne. Dei tidlegaste arkadespela var elektromekanniske, og hadde ikkje same kapasitet som dei meir moderne spela. Elektromekaniske spel hadde ikkje tv-skjerm, datakapasitet eller highscoreliste. Før 70-talet var alle arkadespel elektromekaniske.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre