Armstronggrensa er høgda der lufttrykket er så lågt at vatn kokar ved normal kroppstemperatur, 37°C.

Høgda blir av og til kalla Armstronglinja og varierer mellom 18900 m og 19400 m. I eller over denne høgda vil væsker i menneskekroppen koke utan ei trykkdrakt og på grunn av lite oksygen kan ikkje menneske overleve meir enn eit par minutt. Eit menneske vil altså koke i sine eigne kropssvæsker (ein prosess kjend som ebullisme), sjølv om ein først ville døydd av kveling sidan huda og kontroll av blodtrykket vil hindre blodet i å koke med ein gong.

Ein teknisk rapport frå NASA skildra ei ulykke der eit menneske blei eksponert for omgivnadar nær vakum og noko som tilsvara trykk under armstronggrensa. Offeret forklarte seinare at det siste han hugsa før han mista medvitet var at vatnet på tunga hans byrja å koke.

Sjå òg endre