Arne Arntzen (17. juni 178221. oktober 1846) var ein norsk embetsmann og stortingsrepresentant frå Grue i Hedmark.

Arne Arntzen
Fødd19. juni 1782
Grue kommune
Død21. oktober 1846 (64 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, sorenskrivar
Alle verv

Arne Arntzen var fødd på storgarden Grinder i Grue i Hedmark. Etter å ha blitt student i 1801 tok han juridisk embetseksamen med laud i København i 1807. I 1808 busette han seg på garden sin Stolpestad i Ringsaker, og hadde heim der i åtte år. Same året vart han utnemnd til regimentskvartermeister og auditør ved Opplandske dragonregiment, tok avskjed i 1812. I 1813 vart han overrettsprokurator og september 1815 president i Christianias magistrat. Han vart i 1818 utnemnd til sorenskrivar i Solør og Odalen. Frå 1833 budde han på garden sin, Oppaker i Grue, der han døydde etter 28 år i embetet sitt.

Arntzen var 2. representant for Hedemarkens amt på det overordentlege storting i 1814. Han kom inn att på Stortinget i 1827, då som 1. representant, og sat også på det overordentlege stortinget 1828. Både 1827 og -28 hadde han sete i Lagtinget. I 1827 var han formann i komiteen for handels- og næringsfridom.

Arntzen vart i 1818 riddar av Vasaordenen og i 1832 riddar av Nordstjerneordenen.

Han var ein yngre bror av statsråd Andreas Arntzen.

Kjelder endre