Arne Garborg

norsk forfattar

Arne Garborg, fødd Aadne Eivindsson Garborg (25. januar 185114. januar 1924) var ein norsk forfattar, redaktør, omsetjar og intellektuell.

Arne Garborg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. januar 1851
Jæren, Undheim
Død

14. januar 1924 (72 år)
Asker

Yrke journalist, skribent, dagbokskrivar, skodespelforfattar, lyrikar
Religion kristendom
Ektefelle Hulda Garborg
Born Arne Olaus Fjørtoft Garborg
Arne Garborg på Commons

Verka hans Garborg, både romanane og essaya tek opp mange tema som har vore og framleis reknast å vera av ålmein interesse, t.d. religionen i moderne tid, tilhøvet mellom lokal og nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk kan få politisk påverknad og makt.

Livssoge endre

 
Garborgheimen, der Garborg var fødd og voks opp.
Foto: Gunleiv Hadland
 
Labråten i Hvalstaddalen i Asker, som var heimen åt Hulda og Arne Garborg i mange år.

Arne Garborg var frå garden Garborg i Time kommuneJæren i Rogaland fylke. Her voks han opp saman med foreldre og åtte sysken. Garborg reiste ut for å ta utdanning, trass i at han var odelsgut. Faren hadde ønskt at odelsguten skulle ha vore heime og etter kvart teke over garden. Faren, som var ein høgt respektert mann i bygda, kom ut i eit religiøst prega tungsinn, og tok livet av seg i 1870. Denne hendinga sette djupe spor i Arne Garborgs liv og forfattarskap, mellom anna i jærromanen Fred. I diktringen Haugtussa (1895), eitt av høgdepunkta i norsk bokheim, søkte han attende til liv og tru på Jæren i den førpietistiske tida.

 
Portrett av Arne Garborg, måla av Olav Rusti 1912-14.

I 1887 vart Garborg gift med forfattaren Hulda Garborg (fødd Bergersen). Dei budde frå 1897 på LabråtenHvalstad i Asker, ein sentral møtestad for Askerkretsen, det leiande intellektuelle miljøet i Noreg i denne tida. På Jæren fekk Garborg i 1899 bygd ein sommarbustad, jærhuset i Knudaheio.

Romanen Fred (1892) og Haugtussa er sentrale verk i den norske bokheimen. Men også Bondestudentar, Mannfolk, Hjaa ho Mor og Trætte Mænd gjorde inntrykk på samtida, dei to siste også internasjonalt. Arne Garborg hadde mellom anna eit stort namn i Tyskland på 1890-talet.

Både Garborgheimen, Knudaheio og Labråten er museum i dag. I 2012 opna GarborgsenteretBryne, eit humanistisk vitensenter om Arne og Hulda Garborg.

Verkliste endre

 
Skulptur i stein av Arne Garborg, ved skrivestova hans i Knudaheio.
Foto: Onar Vikingstad

Romanar endre

Ein Fritenkjar (1878)
Bondestudentar (1883)
Mannfolk (1886)
Hjaa ho Mor (1990)
Trætte Mænd (1891)
Fred (1892)
Den burtkomme Faderen (1899)

Diktsamlingar endre

Haugtussa (1895)
I Helheim (1901)

Skodespel endre

Uforsonlige (1888)
Læraren (1896)

Andre verk endre

Den ny-norske Sprog- og Nationalitetsbevægelse (1877)
«Gud signe Noregs land» (1878)
Forteljingar og Sogar (1884)
Knudahei-brev (1904)
Jesus Messias (1906)
Kolbotnbrev (1890)
Jonas Lie. En Udviklingshistorie (1893)
Dagbok 1905-1923 (1925–1927)
Tankar og utsyn (1950)
Odyssevskvædet umsetjing, Kristiania (1918)
Han Lars i Lia

Litteratur endre

  • Fidjestøl, Alfred. 2014. Frå Asker til Eden : historia om askerkretsen 1897-1924. Oslo: Samlaget. ISBN 978-82-521-8459-4

Bakgrunnsstoff endre

  Arne GarborgWikikilden (frie originaltekstar)
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Arne Garborg

Nettstader endre

Artiklar endre

Bilete endre