Arne Natland

norsk fotballspelar

Arne Natland (22. mai 19276. november 2009) var ein norsk fotballspelar frå Oslo som spelte 26 landskamper for Noreg i tida 1949-60.

Arne Natland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. mai 1927
Oslo
Død

6. november 2009 (82 år)
Tønsberg

Yrke fotballspelar

Natland spelte i yngre år på Oslo Idrettslag. Han melde seg deretter inn byrivalen Skeid, eit lag som ofte kjempa i toppen av Hovudserien. Både i 1953 og 1954 tapte laget seriefinalen, med Natland på plass. Midt i 1950-åra flytta Natland til Tønsberg og spelte sidan på Eik Idrettsforening, også det eit hovudserielag. Med Eik vann han bronsemedalje i Hovedserien 1959/60 og sølvmedalje i 1960/61. I seriefinalen 1961 møtte Eik favorittane Fredrikstad Fotballklubb og tapte 0-2.

Natland debuterte på Noregs landslag sommaren 1949 og fekk sin andre landskamp to år seinare. Fyrst i 1953 og -54 hadde han fast landslagsplass. Men så var han ute av landslaget i over fire år. Derimot hadde han klippekort i tida frå 2. november 1958 til 6. november 1960, då han i Dublin tok på seg den norske landslagsdrakta for 26. og siste gong.

Natland «var en intelligent spiller... [som] hadde en mening med alt han gjorde på banen. Han var konstruktiv - og meget allsidig. Således leverte han fine kamper både i forsvar og angrep», skriv Magnus Breili i Fotballboken.

Kjelder endre