Clarence Earl Robinson, kjend som Arnie Robinson, (7. april 19481. desember 2020) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar frå San Diego i California som vart olympisk meister i lengdehopp i 1976, fire år etter han tok OL-bronsen i same øvinga.

Arnie Robinson


Statsborgarskap USA
Fødd 7. april 1948
San Diego
Død

1. desember 2020 (72 år)
San Diego

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Robinson sette personleg rekord i 1970-sesongen med eit hopp på 7,88 meter. Året etter forbetra han seg til 8,04 m og vann lengdetevlinga i dei panamerikanske leikane 1971 i Cali med 8,02 m som best. I OL-sesongen 1972 flytta Robinson sitt personbeste lengdehopp til 8,13 m i San Diego den 8. april og til 8,14 m den 13. mai. Under sommarleikane i München kneip han bronsemedaljen etter å ha landa på 8,03 meter, klart slått av landsmannen Randy Williams som vart olympisk meister og av vesttyske Hans Baumgartner.

Den 25. mai 1974 flytta Robinson den personlege rekorden sin til 8,30 m då han vann eit stemne i Modesto i California. I OL-finalen i lengdehopp 1976 i Montréal smelte Robinson i den fyrste omgangen til med sitt livs lengste hopp på 8,35 meter og vann ein suveren gullmedalje framom Randy Williams på sølvplassen.

Kjelder endre