Around and Around

«Around and Around»
singel av Chuck Berry
A-side

«Johnny B. Goode»

Språk engelsk
Utgjeve 31. mars 1958
Sjanger Rock and Roll, R&B
Selskap Chess 1691
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry

«Around and Around» er ein rockesong skriven av Chuck Berry. Songen vart gjeven ut som B-side til singelen Johnny B. Goode i 1958.

Andre utgåver endre

The Rolling Stones spelte inn ei utgåve av songen på det andre amerikanske albumet deira, 12 X 5, i 1964. The Animals spelte òg inn songen i 1964.

David Bowie spelte inn songen i 1971, produsert av Ken Scott med tittelen «Round and Round». Han vart gjeve ut som B-sida til singelen «Drive-In Saturday» i april 1973. Dette er ein av dei sjeldnare innspelingane til Bowie. Han finst på samleplatene Rare (1983) ogSound + Vision. Ei biletdiskutgåve finst i både RCA Life Time og Fashion Picture Disc Set. I 2002 vart han gjeven ut på bonusplata som følgde 30-årsjubileumsutgåva til The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars.

Andre artistar som har spelt songen er the Grateful Dead, som spelte han over 400 gonger på konsertar mellom 1970 og 1994. Han er med på 19 Grateful Dead-album.

Kjelder endre