Arsenjevka (russisk Арсе́ньевка) er ei elv i Primorskij kraj i Russland og ei av sideelvane til Ussuri frå venstre. Elva er 294 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 060 km². Elva har eit totalt fall på 714 meter.

Arsenjevka
elv
Land Russland
Nedslagsfelt 7 060 km²
Lengd 294 km
Kjelde Sikhote-Alin
Munning Ussuri
Kart
Arsenjevka
43°58′41″N 133°06′32″E / 43.978°N 133.109°E / 43.978; 133.109
Wikimedia Commons: Arsenyevka River

Elva spring ut frå sørvestsida av fjellet Sikhote-Alin der elvane Dalnij og Zolotoj renn saman. Frå her renn ho hovudsakleg nordaustover gjennom ein brei dal. Ho munnar ut i Ussuri nær landsbyen Beltsovo.

Kjelder endre