Art Tatum

amerikansk musikar og pianist

Art Tatum (13. oktober 19095. november 1956) var ein amerikansk jazzpianist. Han fekk musikkundervisninng gjennom skulen i heimbyen Toledo, og var ein gjengangar på byen sine musikkscener før han fylte 20 år.

Art Tatum

Fødd13. oktober 1909
FødestadToledo
Død5. november 1956 (47 år)
DødsstadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1926–1956
Sjangerjazz, stride-piano
Instrumentpiano
PlateselskapVerve Records, Capitol Records, Folkways Records, Brunswick, Decca Records
Verka sompianist, jazzmusikar, musikar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Grammy Lifetime Achievement Award, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Hall of Fame Award, Grammy Award for Best Improvised Jazz Solo

Tatum hadde svært dårleg syn frå ung alder. Det betra seg noko etter kirurgiske inngrep, men vart seinare forverra då han fekk juling i tenåra.

30- og 40-talet endre

I 1932 reiste han til New York by der han spelte inn si første soloplate året etter. Resten av dette tiåret heldt han til i Cleveland i Chicago og i Hollywood. Han vitja England i 1938, grunnla ein trio saman med Tiny Grimes og Slam Stewart i 1943. Etter dette gjorde han stort sett klubbjobbar, i New York og Los Angeles.

Innspelingane på 50-talet endre

I 1953 signerte han ein platekontrakt med Norman Granz, og dei gav ut ei rekkje soloplater i serien The Genius of Art Tatum i tillegg til plater saman med andre, musikarar som Lionel Hampton, Buddy DeFranco, Ben Webster, Benny Carter og Roy Eldridge.

No var Tatum etablert som ein jazzpianist i toppklassen.

Spelestil endre

Art Tatum sa sjølv at Fats Waller var førebiletet hans.[1] Han var ingen aktiv komponist, men heldt seg til eit sett med jazzstandardar. Desse vart spelt inn på plate, og utvikla vidare på konsert, ofte berre med små nyansar endra. Han valde sjeldan raske tempo i framføringane sine, men la inn så mykje ornamentering at det gav eit inntrykk av at han alltid spelte raskt. Kvar konsert var ulik den førre, Tatum la inn små harmoniske endringar, akkorderstatningar og uvanlege intervall.

Han fekk etterkvart ein stor tilhengarskare i det etablerte musikkmiljøet, med artistar som Coleman Hawkins, Charlie Parker og nærast alle jazzpianistane.

Slutten endre

Innspelingane med Granz vart Art Tatum sine siste. Han heldt fram med å turnere, men helsa svikta — truleg på grunn av diabetes kombinert med eit stort dagleg inntak av alkohol. Han døydde av nyresvikt få veker før han skulle fylle 47 år.

Art Tatum døydde før han fekk dokumentert musikken sin skikkeleg for ettertida. Det finst ei rekkje innspelingar, men både lyden og pianoet er av dårleg kvalitet.

Kjelder endre

  • Richard Cook (2006). Richard Cook's Jazz Encyclopedia. Penguin Books. s. 608. ISBN 0-14-102646-4. 

Fotnotar endre

  1. Richard Cook's Jazz Encyclopedia s. 608