Arthur Leslie Benjamin (fødd 18. september 1893 i Sydney, død 10. april 1960 i London) var ein australsk komponist og pianist, dirigent og musikkpedagog. Han var ein av dei fyrste store komponistane frå Australia, og musikken hans er ofte lettilgjengeleg og livleg.

Arthur Benjamin

Statsborgarskap Australia
Fødd 18. september 1893
Sydney
Død

10. april 1960 (66 år)
London

Yrke pianist, dirigent, komponist, musikkpedagog, filmmusikkomponist
Språk engelsk

Biografi endre

Då Arthur Benjamin var tre år gamal, flytte familien hans frå Sydney til Brisbane. Her spelte han offentleg piano for fyrste gong som seksåring. Ni år gamal begynte han å få profesjonell musikalsk opplæring ved å få pianoundervisning av ein lokal organist. I 1911 vann Benjamin eit studiestipend til Royal College of Music i London. Her fekk han studera komposisjon under Charles Villiers Stanford, harmoni og kontrapunkt under Thomas Dunhill og piano under Frederic Cliffe.

Under verdskrigen vart Benjamin innrullert som pilot på britisk side, og flyet hans vart skote ned den 31. juli 1918 av den unge Hermann Göring. Benjamin overlevde flystyrten, men var resten av krigen som tysk krigsfange i Ruhleben-leiren, nær Berlin. Her vart han kjend med komponisten Edgar Bainton, som hadde sete fanga i leiren sidan 1914.

Arthur Benjamin vart sett fri etter krigen og vendte attende til Australia i 1919. Her vart han professor ved New South Wales State Conservatorium of Music i Sydney. Tre år seinare reiste han til England att for å bli utnemnd til professor i piano ved Royal College of Music (RCM). I 1926 fekk han eit nytt professorat ved kollegiumet som han beheldt i tretten år. I denne tida utmerka han seg som musikkpedagog, og hadde fleire strålande pianostudentar, m.a. Benjamin Britten. Britten skreiv seinare pianosuiten «Holiday Diary» - («Feriedagbok»), som er dedikert til Benjamin og imiterer mange av handrørslene hans.

Samtidig med professorata og pianoundervisninga var Benjamin ein aktiv komponist; særleg skreiv han mykje for strykarar og piano. Mot slutten av 1920-åra gjekk stilen hans i større grad over i orkesterverk og overturar. I 1932 dirigerte Benjamin BBC Symphony Orchestra som framførte hans Fiolinkonsert (1932). I 1930-åra tok Benjamin til å komponera musikk for film. Den best kjende filmmusikken hans er truleg til Mannen som visste for meget (1934) av Alfred Hitchcock.

Eitt av Benjamins mest vidgjetne verk er «Jamaican Rumba» for to piano, ein del av Two Jamaican Pieces, utgjeve i 1938. Dette vart til under ei reise til dei vestindiske øyane, der han vart kjend med ein innfødd jamaicansk folketone, «Mango Walk». Rumbaen var i stor grad basert på denne, og som takk for at han gjorde landet deira kjend med musikken sin, vart komponisten tildelt ei tunne med rom av den jamaicanske regjeringa.

Under andre verdskrigen utvandra Benjamin til Canada og slo seg ned i Vancouver. Her vart han dirigent for eit symfoniorkester og ein stor kulturell figur. Dessutan underviste han musikk i Portland, Oregon frå 1944-45 før han vendte tilbake til London og RCM i 1946.

Arthur Benjamin komponerte fire operaer. Debutoperaen The Devil Take Her (1931) vart skrive for éi akt, og vart urframført 1. desember same året i RCM. Neste opera i éi akt, Prima Donna, stod klar allereie i 1932, men vart ikkje urframført før i 1949. I 1950 komponerte han ein opera av Charles Dickens-romanen To byer (A Tale of Two Cities). Denne vart framført under Festival of Britain i 1951, og liveframført på BBC radio i 1953. Mañana (1955) fekk mindre suksess. I tillegg skreiv Benjamin ein opera basert på livet til Molière, Tartuffe, men denne var ufullendt då komponisten døydde i 1960. Musikken vart likevel fullført ved hjelp av ein annan komponist, og operaen vart framført i London i 1964.

Benjamin gjorde sine siste pianokonsertar i 1950, men heldt fram som komponist heilt fram til han døydde på Middlesex Hospital i London, 66 år gamal.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre