Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington

Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington (164813. april 1716) var ein britisk admiral og politikar frå seint på 1600- og tidleg på 1700-talet. Han vart avsagt som kontreadmiral av Jakob II av England i 1688 for å ha nekta å stemme på opphevinga av Test Act, som hindra katolikkar frå ha embetsstillingar, og han førte invitasjonen til Vilhelm til Haag, forkledd som ein enkel sjømann. For dette vart han kommandant for invasjonsflåten til Vilhelm under den ærerike revolusjonen.

Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 1647
England
Død

13. april 1716 (67 år)
England

Yrke politikar
Far Edward Herbert
Mor Margaret Smith
Ektefelle Anne Armine, Anne Hadley
Arthur Herbert, 1. jarl av Torrington på Commons

Torrington spelte ei viktig rolle i niårskrigen, og kommanderte den engelske og nederlandske flåten under slaget ved Beachy Head (10. juli 1690), eit alvorleg nederlag for den allierte flåten. Han vart for dette sett i fengsel i Tower of London og stilt for krigsrett for å ikkje ha støtta den nederlandske skvadronen i spissen av slaglinja mot franskmennene. Han vart derimot frikjend. Likevel mista han stillinga si som øvstkommanderande for marinen.

Han har fått æra for å vere den første som nytta uttrykket «fleet in being». Torrington unngjekk slag, med mindre han hadde særs gunstige tilhøve, fram til han fekk forsterkingar. Ved å halde på slik, ville han få den franske flåten til å halde seg i området og hindre dei i å gjere andre operasjonar.

Kjelder endre