Arthur Sullivan

britisk komponist

Sir Arthur Seymour Sullivan (13. mai 184222. november 1900) var ein engelsk komponist mest kjend for samarbeidet sitt med dramatikaren William Schwenk Gilbert.

Arthur Sullivan

Arthur Sullivan.
Fødd13. mai 1842
FødestadLambeth, London i England
Død22. november 1900
DødsstadLondon i England
FødenamnArthur Seymour Sullivan
OpphavDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PeriodeSiste halvdel av 1800-talet
Aktiv1860-1900
SjangerOrkesterverk, operaer og operetter
Verka somKomponist og organist
MorMary Clementina Coghlan
FarThomas Sullivan
PrisarRidder av Æreslegionen, Mendelssohn Scholarship, medlem av Royal Victorian Order, Knight Bachelor

Biografi endre

Oppvekst endre

Arthur Sullivan vart fødd i Lambeth i London og synte tidleg eit stort musikalsk talent. Faren, Thomas Sullivan visste kor vanskeleg ein musikalsk karriere kunne vera, og frårådde han å bli musikar. Arthur Sullivan overtydde likevel foreldra om å la han bli med i koret til Chapel Royal som 12-åring, der han raskt fekk syngja soloar. Under korleiinga til presten Thomas Helmore, fekk unge Sullivan allereie laga sine fyrste komposisjonar. Helmore oppmuntra Sullivan til å halda fram med komponeringa, og ordna slik at Sullivan fekk gje ut sitt fyrste eigenkomponerte verk i 1855, salmen O Israel.

Studie endre

I 1856 delte Royal Academy of Music ut sitt fyrste Mendelssohn-stipend til Arthur Sullivan, som dermed fekk eitt års musikalsk trening ved akademiet. Rektor ved akademiet, John Goss hadde studert under Thomas Attwood, som igjen hadde vore elev av Mozart. Stipendet vart snart utvida til å gjelda for eitt år til, og deretter utvida til å gjelda eit tredje år, så Sullivan kunne få studera ved Musikkonservatoriet i Leipzig i Tyskland. Der vart han m.a. kjend med Franz Liszt Sullivan blei verande i Leipzig i tre år, og opparbeidde seg enorm musikalsk vekst ved konservatoriet. Avslutningsstykket hans i 1861 var eit stykke med programmusikk sett til Stormen av William Shakespeare. Stykket vart omarbeidd og utvida og framført i Krystallpalasset i London i 1862, til stor suksess.

Gilbert og Sullivan endre

Tilbake i England jobba Sullivan som organist i ulike kyrkjer, medan han komponerte ballettar, symfoniar og overturar og forsøkte seg på opera. I 1866 framførte han sin Overture i C-dur (In Memoriam) til minne om dødsfallet til faren. Det fyrste samarbeidet med William Schwenk Gilbert kom i 1872, då Gilbert og Sullivan fekk i oppdrag å skriva operaen Thespis til framføring i Gaiety Theatre. Samarbeidet vart vellukka, men resulterte ikkje i noko meir på det tidspunktet. Sullivan heldt fram med å komponera musikkstykke og salmar, m.a. den kjende Onward, Christian Solders (norsk: Fremad, Kristi hærmenn).

I 1875 kontakta direktøren ved Royalty Theatre Gilbert og Sullivan for å skriva eit kort stykke til teateret sitt. Dei takka ja, og resultatet vart ein komisk opera i éin akt, Trial by Jury. Broren til Arthur, Fred Sullivan, spelte domaren i stykket. Samarbeidet mellom Gilbert og Sullivan fekk svært gode kritikkar. Kort tid etter forsøkte Arthur Sullivan å skriva ein ny opera, The Zoo, med ein annan tekstforfattar, men stykket vart ikkje like vellukka. Dei neste 15 åra var Gilbert den einaste dramatikaren Sullivan samarbeidde med. Dei to skapte 12 nye operaer saman.

Dei mest kjende operaene til Gilbert og Sullivan vart H.M.S. Pinafore (1878), The Pirates of Penzance (1879) og The Mikado (1885).

Personleg liv endre

Arthur Sullivan hadde fleire romantiske forhold, men vart aldri gift og fekk ikkje born. Då broren Fred døydde, 39 år gamal etterlét han seg kone og åtte born. Etter dette vitja Arthur familien ofte og vart formyndar for alle åtte. Eldste sonen til Fred, Herbert Sullivan fekk eit spesielt nært forhold til Arthur Sullivan. Charlotte, enkja etter Fred gifte seg opp att og ynskte å emigrerte til Los Angeles i California. Arthur betalte for turen, dei reiste i 1883, men Herbert vart verande i London med farbroren. Charlotte døyddde i 1884, og Arthur Sullivan sendte deretter økonomisk stønad til familien i California. Han vitja dei også i California, og tok dei med på rundtur i Vestkysten av USA. Herbert Sullivan vart buande med farbroren og tok seg av han så lenge Arthur levde.

Død og ettermæle endre

Arthur Sullivan døydde av hjartefeil i 1900 etter ein langvarig nyresjukdom. Dei siste åra av livet sitt hadde han vore nøydd til å dirigera sitjande på grunn av sjukdommen. Han vart gravlagd i St. Pauls katedral i London, og eit minnesmerke over han med ei syrgjande muse vart sett opp i byen. På minnestøtta står det eit sitat av Gilbert.

Herbert Sullivan var ein av forfattarane bak biografien om Arthur Sullivan frå 1927. Biografien miste truverde då det vart kjent at Herbert hadde forsømt å nemna gamblingproblema og kvinneproblema til farbroren Arthur Sullivan.

Verkliste (utval) endre

Operaer av Gilbert og Sullivan endre

Andre verk av Sullivan endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre