«As Time Goes By» er ein song skriven av Herman Hupfeld i 1931. Han vart mest kjend i 1942 då han vart sungen av Sam (Dooley Wilson) i filmen Casablanca. Songen vart stemnd fram til 2. plass på lista til AFI over dei 100 beste songane i film. Han har vorte nytta som fanfare for Warner Bros. Pictures sidan 1998.

Italiensk cover til ei utgjeving av songen frå Casablanca

Historie endre

Herman Hupfeld skreiv «As Time Goes By» for Broadway-musikalen Everybody's Welcome i 1931. I det originale showet vart han sungen av Frances Williams. Han vart spelt inn same året av fleire artistar, mellom andre Rudy Vallee.

Songen vart spelt inn på ny i 1942 i filmen Casablanca, sungen av Dooley Wilson i lag med pianist Elliot Carpenter[1] og høyrt gjennom filmen som eit leiemotiv.[2] Wilson klarte ikkje å få spelt inn ein singel av songen før det vart musikarstreik, noko som førte til at studioet gav ut Vallee-versjonen frå 1931 på ny og gav han ein hitt i 1942.[3]

Den kjende opningslinja, «You must remember this...», er i røynda starten på refrenget på songen i den originale utgåva. Wilson song ikkje dei første versa i Casablanca, men dei seinare innspelingane har følgd denne versjonen, slik at det første verset i røynda er ukjend for folk flest.

Andre versjonar endre

Songen er spelt inn av mange andre artistar, som Billie Holiday, Engelbert Humperdinck, Bing Crosby, Perry Como, Frank Sinatra, Harry Nilsson, Julio Iglesias, Johnny Nash (43. plass på Billboard-lista i 1959), Carly Simon, Tony Bennett, Jane Monheit, Rod Stewart, Jimmy Durante, Gal Costa, Sammy Davis, Jr., Bryan Ferry, Barbara Streisand, Bob Dylan, Willie Nelson, Jimmy Durante, Vera Lynn, Andy Williams, Barry White, Tom Waits, The Duprees, ZZ Top, Widespread Panic og Johnny Mathis.

Kjelder endre

  1. Buhler, James; Caryl Flinn; David Neumeyer (2000). Music and cinema. Wesleyan University Press. s. 174. ISBN 9780819564115. 
  2. Zinsser, William (2000). Easy to Remember: The Great American Songwriters and Their Songs. Jaffrey, New Hampshire: David R. Godine. s. 165. ISBN 1-56792-325-9. 
  3. Jasen, David A. (2003). Tin Pan Alley: an encyclopedia of the golden age of American song. New York, New York: Taylor & Francis. s. 216. ISBN 0-415-93877-5.