Asalea er namn brukt om fleire plantar i rhododendronslekta, mellom anna fleire hybridvekstar. Tidlegare var asaleaene rekna som ei eiga plantegruppe, Azalea, kjenneteikna av å ha fem støvberarar (mot ti blant andre Rhododendron-plantar). I dag er plantar kjende som asalea fordelte på dei to underslektene Pentanthera (lauvfellande) og Tsutsusi (eviggrøne), som ikkje er nært i slekt.

Asaleablome
Asalea (Rhododendron simsii) i Japan

Asalea blir brukt som hage- og potteplante avhengig av type og klima. I Noreg kjenner ein særleg til juleasalea, som kan vera av arten Rhododendron simsii eller ulike kryssingar frå denne. Denne asaleaen kan ha blomar som sit enkeltvis eller i klasar på to eller tre, og varierer i farge frå raud til kvit. Blada er elliptiske, mørkegrøne, glinsande og hårete.

Kjelder endre

«asalea» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.