Asorane (port. Açores, ofte skrive Azorane på norsk) er ei portugisisk øygruppe på den midtatlantiske ryggen 1 500 km vest for Lisboa og 3 900 km frå den nord-amerikanske austkysten. Dei ni øyane (São Miguel, Santa Maria, Terceira, Pico, Faial, São Jorge, Graciosa, Flores og Corvo) som utgjer Asorane har eit samla areal på 2 355 km² med eit folketal på 242 620 menneske (1996). Øygruppa er ein autonom region i Portugal.

Asorane i Atlanterhavet, vest for Portugal.
Kart over øyane frå om lag 1584.

Historie endre

Øygruppa vart oppdaga av portugisiske sjøfarar på 1400-talet (frå 1427 av), og vart busett på 1500-talet.

Geologi endre

 
Øya Pico med fjelltoppen Pico Alto. Mal:Foto: Horst Evertz

Heile øygruppa er av vulkansk opphav. Det høgaste fjellet på Asorane er vulkanen Pico Alto som ragar 2 351 m over havet. Det siste store vulkanutbrotet var i 1957. Då opna USA og Canada grensene sine, og det kom ei stor utvandring frå øyane. Mange av emigrantane har reist attende til øyane dei seinaste åra.

Geografi endre

Klimaet er fuktig og mildt, med perioden oktober-april som den våtaste. Havtemperaturen ligg mellom 17 og 22 grader, året rundt. Plantelivet er særs frodig og rikt. Øyane har teplantasjar, og det vert dyrka mellom anna kaffi, bananar og ananas. Husdyrhaldet har vore viktig, men etter at regionen kom med i EU har det vorte store endringar i drifta.

Sao Miguel er den største og mest folkerike øya. Der ligg parken Terra Nostra med «Ungdomskjelda».

Økonomi endre

Lenge var kvalfangst ein viktig leveveg, men han vart stogga rundt 1980. No er turisme – med mellom anna kvalsafari – i ferd med å vekse til ei av dei viktigaste næringane, ved sida av jordbruk og fiske.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asorane